nyhende

Under FotballtrøyeFredag i fjor stilte Morten i drakt frå 5. divisjonsklubben Skiens Grane, der han ein gong var nær ved å få bli med på ei trening. Susanne i FKH-drakt.

Send oss ditt fotballtrøyebilde!

Fredag 29. mai er ein heilt spesiell fredag, nemleg FotballtrøyeFredag til støtte for kreftsjuke barn og Barnekreftforeningen. Send oss ditt fotballtrøyebilde, så lagar me bildealbum.

Publisert
  • Send bilda til tips@vestavind-sveio.no.
  • Skriv kven som er på bildet, kva drakt(er) og gjerne kvar bildet er tatt – arbeidsplass, heime, ute på tur osv.

FotballtrøyeFredag

Kvifor FotballtrøyeFredag?

  • For å visa støtte til barn og unge med kreft.
  • For å samla inn pengar til livsviktig forskning.
  • Fordi barn har mykje dei skal oppleva, men mange barn og unge kan ikkje vera med på favorittaktiviteten sin på grunn av alvorleg sjukdom.
  • Me er alle på same lag i kampen mot barnekreft. Ingen barn skal døy av kreft!

Kjelde: Barnekreftforeningen.no

Powered by Labrador CMS