meiningar
Ny E39 – ei stor avgjerd på eit lite faktagrunnlag
For nokre veker sidan skreiv MDG eit innlegg i Vestavind med tittelen «Hvem er denne motorveien egentlig for?». Eit godt spørsmål me i Sveio Bonde- og Småbrukarlag ønskjer å gjenta.
Nokon vil ha det til at motorveg er naudsynt for å sikre framtida for næringa i regionen. Om dette stemmer må det i så fall gjelde dei som driv næring i «endane» av vegen. For dei som allereie driv næring langs E39 – eller ønskjer å utvida/satsa nytt – er ståa ganske annleis. Her vert heile framtida for gardsdrift uviss. Tap av matjord er alvorleg. Sveio har ikkje akkurat flust av dekar med dyrkamark å ta av (og bygger ned matjord andre stader, til dømes ny barnehage i Sveio sentrum).
Eit anna problem er dei strekningane kor ny motorveg vil erstatte eksistarande veg. I dag fungerer E39 som ei hovudåre gjennom austre del av kommunen, og er eit godt kompromiss mellom nasjonal stamveg og lokalveg. Denne funksjonen vil fleire plassar forsvinne fullstendig pga. mangel på kryss og restriksjonar for til dømes traktorar på motorveg.
Dermed må all trafikk knytta til matproduksjon gå på «kryss og tvers» av motorvegen, på mindre vegar som ikkje er rusta for auke i store og tunge køyretøy og all den køyringa det moderne landbruket har blitt avhengig av.
Fell det til kommunen å handtere desse spørsmåla? Det verkar som Vegvesenet tenker dette, all den tid flotte planar om ny motorveg vier lite merksemd til problemstillingane. Problemstillingar som ikkje er naturgitte, men ei konsekvens av at Vegvesenet insisterer på motorveg med fire felt, framfor utvikling og utviding av eksisterande veg. Dette er så uinteressant for Vegvesenet at det ikkje er greia skikkeleg ut eingong.
Å skyve problem over til kommunen og andre myndigheiter gjeld ikkje berre framtidig lokal trafikkavvikling. Antall dekar med matjord som går tapt er ikkje tallfesta, og det er ikkje sagt noko om kor ein kan finne erstatningsjord. At vegen vil øydelegge kystlynghei og myr der han ikkje øydelegg matjord er tydeleg – men antall dekar som vil bli øydelagt eller om råka kystlynghei er i hevd finn ein ikkje svar på. Det same gjeld korleis trafikkprognosane Vegvesenet bruker for å forsvare motorvegen skal sameksistere med nasjonale mål om redusert biltrafikk.
Vegvesenet gir kommunestyra i dei råka kommunane ei umogleg oppgåve: ta stilling til gigantiske planar, basert på svært mangelfull informasjon, medan Vegvesenet framstår som lobbyorganisasjon, ikkje ei nøytral fagmyndigheit. Me vil oppfordre folk i Sveio til å gi sine folkevalde tydeleg signal om at ei fullstendig utgreiing av alle vegalternativ er støtta av folket. Spesielt når alternativet er ei gigantutbygging med uante konsekvensar for Sveio, sveibuen og vår evne til å drive jorda og halde oss sjølve med (noko) mat.
Vår høyringsuttale til Vegvesenet kan du lese på vår Facebook-side.
Styret i Sveio Bonde- og Småbrukarlag