nyhende

Pølser frå Dansken var eit trekkplaster. Dei som handla, var samde med slagordet på Food trucken «Dansken leverer god smak». Frå venstre: Leiv K. Sydnes, Kirsti Sydnes, Helene Myklevoll Kalkvik og Ole Kalkvik.

Pinsefestival trekte folk til Kaien i Førde

Pinsehelga baud på både rock, regnbyer, pølser og marknadsliv då Kaien i Førde inviterte til festival i pinsehelga.

Publisert

Festivalen starta ut med familiedag søndag føremiddag med ansiktsmåling, aktivitetar sukkerspinn og matservering. På kvelden var det duka for gratis konsert på kaien. På scena var først haugesundsbandet Diesel & Dust før det store trekkplasteret; Dag Ingebrigtsen. 

Sistnemnde er kjend frå rockegruppa The Kids og hitlåta «Forelska i læreren». Konserten var sponsa av lokalt næringsliv, og interessa var stor. Allereie fredag var gratisbillettane utselde, og søndag kveld fylte 400 gjester området på kaien.

Eit familieprosjekt

Bak arrangementet står Frida Hovland Jepsen, som har ansvar for drifta på Kaien i Førde. Kaien har vore drifta av Catering Spesialisten sidan 2022. Saman med faren, Peter Engdahl Jepsen, har ho stått i bresjen for pinsefestivalen. Peter er dagleg leiar for Caterings Spesialisten og driftar dagleg catering i Haugesund, men dei seinare åra har han også satsa på Kaien i Førde, saman med dottera Frida. 

Bildealbum 1 av 2:

Pinsefestivalen var også eit familieprosjekt. Under festivalen stod veslesøster Iben Hovland Jepsen i foodtrucken «Dansken», der ho selde pølser til svoltne gjester. Ho kunne fortelje at salet gjekk over all forventning, særleg under familiedagen og konserten søndag.

Til vanleg held Kaien ope på søndagar og heilagdagar, med servering av tradisjonell husmannskost. Denne helga var programmet utvida, og 2. pinsedag var det marknadsdag som lokka folk til kaien. Rundt 20 utstillarar frå Sveio og nabokommunane stilte ut varane sine, derav mykje handlaga.

Fiskekrokar av sølvbestikk

På marknaden kunne ein handle blant anna keramikk, strikk, trearbeid, heimelaga såper og lys, makronar, papirarbeid, glasarbeid, nålefiltkunst og hagedekorasjonar i betong. 

Bildealbum 2 av 2

Ein av dei som stilte ut, var May Britt Haugland, som selde handlaga fiskekrokar under merkenamnet Gullkysten. Fiskekrokane var laga av skaftet på sølvbestikk, noko som gav kvar krok eit eige mønster og ei dekorativ overflate. Resten av bestikket var vidare foredla til turbestikk.

Innimellom regnbyene kunne folk søkje ly i teltet, og det var jamn sirkulasjon av folk gjennom dagen. Det kunne også sjå ut til at mange kombinerte marknadsbesøket med ein tur i Rex Garden der mange av rhododendronane no står i full blomst.

Powered by Labrador CMS