frå papirarkivet

Makrell i tomat, skinke, leverpostei, ost og grovbrød - det likar dei i nistepakken, 6. og 7. klassingane på Valestrand skule. Framme frå venstre: Christoffer Lie Håvardsholm, Hilde Hetlesæter, Karoline Gramshaug Rajendram, Oda Eikeland Ramsdal, Roy Morgan Lilleskaret, Kristine Hetlesæter, Birte Kvamsøy. Sitjande bak frå venstre: Thorstein Kirkeleit, Sarah Louise Vihovde, Vegard Lie Håvardsholm, Maria Haugsgjerd. Ståande bak frå venstre: Trond Ove Kjellevold, Eivind Andre Åsbu.

Her er dei som har sunnast nistemat

Her er dei sunnaste ungane i Sveio. I alle fall dei som har sunnast nistepakke. Denne saka var på trykk i Vestavind 24. november 2005.

Publisert Sist oppdatert

6. og 7. klasse på Valestrand skule var uslåelege. Helsesyster Linda Turkerud har mistanke om at dei hadde like sunne matpakkar til og med før konkurransen – elles trur ho ikkje dei hadde klart ei så fantastisk oppslutning.

7. klassingane på Valestrand skule var aller best i Sveio. 100 prosent oppslutning vil sei – alle hadde med seg matpakke kvar dag, og alle hadde sunne matpakkar. Her var det verken loff, nugatti, sjokoladekaker eller skuleboller i matboksen heile månaden konkurransen varte.

– Er de like flinke endå, undra helsesystera, då ho tysdag dukka opp med premiane.

Svaret ho fekk var rimeleg unisont.

– Me har grovt brød, ost og skinka – og det har me alltid hatt.

– Ingen Sjokade? Ingen loff?

– Ehh, eg har begynt å ha loff med meg igjen, smiler Sarah Louise Vestvik Vihovde lurt.
– Likar best det, men eg hadde berre grovbrød med meg så lenge konkurransen varte.

Desse barna er vant med grovbrød i matboksen.

Oda Ramsdal er kjent for å ha med seg grovbrød som er så mørkt at dei andre synest det ser ut som sjokolade.

– Pappa bakar av og til brød, og dei er ganske grove, ler ho.

1. premien var eit toastjern, grovbrød, skinke, ost og krydder. I tillegg til ei diger fruktkorg til 6. klassingane, som stakk av med 2. premien på mellomtrinnet – blei det ein matpause å setja kryss i taket for på tirsdag.

Helsesystera er nøgd.

– Det gjekk nok nesten litt sport i det å ha sunne matpakkar med seg. Og det er jo heilt greit. Tar dei med seg dei sunne matvanane vidare, har me lukkast.

Ho ser ikkje bort frå at det kan bli liknande konkurransar seinare år.

Powered by Labrador CMS