nyhende

Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / NTB / NPK

25 prosent av fylkesvegnettet i Vestland treng forsterking

Vestland fylkeskommune vil reparere i staden for å bygge nye fylkesvegar, og hevdar dette gir mykje meir for pengane.

Publisert

Fylkeskommunen skriv på nettstaden sin at forsterking av eksisterande fylkesvegar vil betre vegstandarden, redusere vedlikehaldetterslep og nå klima- og miljømål i mykje større grad enn om ein skulle ha bygd ny veg eller drive masseutskifting på den eksisterande vegkroppen.

25 prosent av fylkesvegnettet i Vestland har behov for forsterking. Kostnaden er rekna til rundt fire milliardar kroner. Til samanlikning er det samla vedlikehaldetterslepet på fylkesvegnettet estimert til om lag 20 milliardar kroner.

Lengre levetid

Rundt 1.400 kilometer av fylkesvegane i Vestland har i dag dårleg eller svært dårleg dekke. Ved å forsterke desse strekningane og leggje nytt dekke, blir vegane meir robuste og får lengre levetid, skriv fylkeskommunen.

Forsterkingsprogrammet omfattek også tiltak på dreneringssystem, vegoverbygg, murar og rekkverk. Samla kan dette redusere vedlikehaldetterslepet med om lag fire milliardar kroner, hevdar dei.:

– Når vi oppgraderer fleire delar av vegen samtidig, reduserer vi behovet for akutte reparasjonar seinare. Det gir lågare kostnader til drift og vedlikehald over tid, seier byggeleiar John Hermud Hauge i Vestland fylkeskommune.

Powered by Labrador CMS