nyhende
Dei fem vanlegaste årsakene til at båtfolket treng hjelp
Heile Noregs «hjelpelinje» for båtfolket tok imot over 8.000 førespurnader i fjor sommar. Også i år er det venta at mange vil trenga hjelp frå Redningsselskapet. Motorstopp og batteriproblem toppar lista.
– Nærast dagleg får me telefonar frå uroa båtfolk som treng bistand. Mange av førespurnadane kan me heldigvis løysa raskt over telefonen, seier Mikael Pettersson Corneliussen, vaktsjef på Redningsselskapet si assistansetelefon.
Dette er ifølge han dei fem vanlegaste årsakene til at folk tar kontakt gjennom båtsesongen:
Fem på topp
- Motorstopp eller motorproblem: Dette er klart vanlegast. Motoren vil ikkje starta, stoppar undervegs eller går ujamt – ofte på grunn av drivstoffproblem, tett filter eller teknisk feil.
- Batteriproblem/straumbrot: Flatt startbatteri eller feil i det elektriske anlegget gjer at båten ikkje startar eller mister straum til viktige system.
- Drivstoffmangel eller feil drivstoff: Mange går rett og slett tomme for drivstoff, eller har fylt feil type (til dømes bensin i dieselmotor), noko som stoppar båten heilt.
- Grunnstøyting: Båtar som går på skjer eller grunner er ein klassikar, særleg i ukjende farvatn eller ved låg fart der ein ikkje følgjer godt nok med.
- Fast anker: Anker/dregg sit fast og er ikkje mogleg å få opp att i båten. Hugs å lesa sjøkart før dreggen vert «kasta».
«Skal berre testa båten»
På Redningsselskapet sin assistansetelefon hjelper kompetente operatørar til med små og store problem. Om sommaren kan det kome opp mot 200 førespurnader dagleg.
Tidleg i båtsesongen handlar det for det meste om at den sjøsette båten skal testast, med påfølgande motorstopp nær heimehamna.
– Det er ofte me får førespurnader der innringaren har fått motorstopp, og grunnane kan vera mange. Tett drivstoffilter, ureint drivstoff, manglande vedlikehald og andre tekniske årsaker til motorproblem. Dette er ofte enkle feil. Ved motorstopp på denne tida av året, og ved den første prøveturen, er båten ikkje alltid utstyrt med nødvendig tryggingsutstyr, seier Pettersson Corneliussen, og oppmodar folk til å hugse:
- Anker/dregg
- Redningsvest
- Kommunikasjon – telefon, VHF
- Varme klede
- Test brannvarslarar og sløkkjeutstyr
- Registrer båten din i småbåtregisteret
Planlegg og stress ned
I høgsesongen om sommaren er båten ofte i teknisk god stand, og tryggingsutstyr er på plass. Samstundes er gjerne mykje anna utstyr pakka, og båten er full av ferieklare menneske. Båtturen er ofte lengre, og ønska er mange.
– Mange innringarar, og då tenkjer eg gjerne på «kapteinen» om bord, har hamna i knipe fordi dei har gløymt å laga ei alternativ rute i tilfelle dei vert overraska av dårleg vêr. God planlegging vil gjera ferien betre for alle om bord, seier Pettersson Corneliussen.
– Stress ned, og sjå ut! I 2025 var Redningsselskapet ute på mange fleire grunnstøytingar enn tidlegare. Dette skuldast ofte feilnavigering, og at «kapteinen» gjerne ser ned på telefon eller kartplotter i staden for å halde blikket ute på trafikk og vatn.
Ei god hugseliste til båtfolket:
- Sjøklargjering av båt før tur.
- Båten er ofte pakka full med utstyr og klede. Hugs brannfaren.
- Tryggingsutstyr: Gå gjennom kven som gjer kva dersom de treng assistanse, eller kanskje også må evakuere båten.
- Lagre telefonnummera 02016 og 112.
- Test brannvarslarar og sløkkjeutstyr.
- Hugs sjøvettreglane.