nyhende

Motorrommet blei utbrent.

Bilbrann i Førde – ein til legevakt

Ein mann blei sendt til legevakt for sjekk etter ein bilbrann natt til tysdag.

Publisert

Politiet fekk melding om brann i motorrommet til ein bil klokka 02.03 i natt. Dei rykka saman med brannvesenet ut til ei adresse i Førde.

Brannvesenet var raskt på staden og gjekk i gong med sløkking av bilen som var overtent. Det var ikkje fare for spreiing, og klokka 02.20 var brannen sløkt.

– Ein mann i 40-åra blei tatt med til legevakt for sjekk. Vedkommande hadde fått i seg litt røyk. Politiet foretar avhør på staden. Årsaka til brannen er ikkje kjent, seier operasjonsleiar Rune Tallaksen i Sør-Vest politidistrikt.

Powered by Labrador CMS