Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Juletrehogsten er i gong
Kristen Bergmål og sonen Jon varmar opp til ein hektisk desember månad i juletreskogen.Denne saka var på trykk i Vestavind 10. desember 2015.
Juletreseljarane på Tveita har høyrt rykte om plasttre til 20.000 kroner stykket på Raglamyr, men har sjølv ikkje merka nokon påtrengjande konkurranse, ikkje ennå i alle fall.
Det mest populære juletreet er Normannaedelgran, men også fjelledelgran, norsk gran og furu har tradisjon. Salsvarene må ha fin grønfarge og ikkje for lange årsskot.
– Etter mange år i «gamet» brukar eg ikkje mange sekundane på å sjå om eit tre er brukande eller ikkje. Du høgg eller går forbi, seier Kristen.
– Kresne kundar?
Far og son ser på kvarandre og flirer.
Jon svarar: – Eg plukkar alltid fram det treet eg meiner er finast i forhold til det kunden vil ha. Deretter viser eg nesten kvart einaste tre i haugen, og når eg endeleg får respons seier dei gjerne, «det var jo kjempefint». Men når eg så set det opp mot det første treet, vil dei ha det i staden.
Faren nikkar, og humrar godt.
– Eg har sagt at når eg sluttar å selja juletre skal eg gi ut bok, men folk kan slappa heilt av, eg skal ikkje nemna namn. Når du har stått der ute på Sveio i 30 år så har du ein del historier på lager, men det er ikkje alt som eignar seg på trykk.
Framover mot jul ventar lange dagar på dei to. Senior kallar det «ferie og 15 timars dag».
– Juletresal er først og fremst kjekt; du får snakka med folk, pluss at du tener deg nokre kroner. I tillegg kan du fortelja same vitsen fleire gonger fordi det dukkar alltid opp ein ny kunde.
Jon går i fotefara til faren, men tvilar på om han er like flink til å plukka ut juletre.
– Korleis vil juletreseljaren ha treet sitt?
– Då stiller eg meg på trappa med eit tre i kvar hand. Når kona har peika ut det ho vil ha, slepp eg det andre, fortel Kristen.
– Mindre fine tre fører til misnøye i heimen?
– Jau, det veit eg alt om. Det er 25 år sidan no, men blir aldri gløymd. Då me tok bilde av treet på julaftan kunne me sjå kva som var på veggen på andre sida. Det var både glissent og skeivt.
Kristen kjem på ein juletreseljar som stod på torget i Haugesund, og som var kjent for å ha ein spesiell teknikk når han viste fram varene sine. Når kundane kom viste han fram den finaste sida på treet, og etter kvart som kunden gjekk rundt treet følgde han etter.
6. januar er trettande dag jul, dagen mange ryddar vekk julepynten. Men enkelte føretrekk å ha treet lenger. På Tveita har dei hatt treet heilt fram til 24. januar, for då er det bursdag i heimen.
Før i tida var sitkagran ein klassikar blant juletre. Sylkvasse nåler har gitt det tilnamnet pøbelgran.
Blant juletrehistoriene til Bergmål høyrer ei dame frå Fjellstad som frakta grana si på sykkelen sin frå Sveio sentrum og heim. Det var ei sitkagran, meir treng ein ikkje sei om den saka.
Nok ei sitka-historie. Dette treet var stort, borti mot to og ein halv meter høgt. Ei dame skulle retta litt på treet heime i stova, men plutseleg fekk det slagside og deisa over henne med stor kraft. Ho blei liggjande under grana i halvanna time før hjelpa kom.
– Ei stove utan juletre, nei, då er det noko som manglar. Eg har prøvd det, seier Kristen og let oss få eit innblikk i ei heller mørk julehistorie:
– Eitt år var me i Arendal i julehelga og sette ikkje inn tre før me reiste. Den nyttårsaftan utan juletre var det noko som mangla. Sant og sei var eg på nippet til å gå og hogga ein busk. Etter det har det alltid vore juletre i heimen, forsikrar Kristen.
Om det er plast eller ekte, det får vera opp til den enkelte, men eit pynta tre høyrer heime i stova med jul. Det er det som er pynten, slår han fast.