nyhende

Vegskilt for E39 ved ein svingete veg med bil i bakgrunnen.
Vil du sjå kva ny E39 kan bety for deg? Sjekk 3D-modellen og videoane frå Statens vegvesen lenger nede i saka.

Sjå nye E39 i 3D frå Bokn-bømla­fjord­tunnelen

Utforsk 3D-­modellen og reisetids­videoen til Statens veg­vesen som viser korleis nye E39 kan endre turen mellom Stavanger og Bergen.

Publisert

3D-visualiseringa frå Statens vegvesen byggjer på alternativ 1, den tilrådde traséen. Der kan du navigere frå Bokn til Bømlafjordtunnelen, gå fram og tilbake langs strekninga og zoome inn og ut.

Undervegs ligg det òg nokre bilete frå ulike punkt langs strekninga som viser korleis vegen kan sjå ut. Nokre bilete viser alternativ 1, medan andre viser alternativ 2. 

Her kan du sjå ein 3D-modell av den nye vegen.

Merk: Når du klikkar på lenkja og opnar ho i ei ny fane, kan det ta 30 sekund til eitt minutt før modellen opnar seg.

Alternativ 1: Tilrådd trasé Bokn–Bømlafjordtunnelen

Videoen viser korleis alternativ 1 er tenkt lagt i dei førebelse planane, og kvar traséen kan gå mellom Bokn og Bømlafjorden.

Video: Statens vegvesen

Slik kan reisetida bli med ferdig E39

I videoen under kan du sjå kor mykje tid ein kan spare på reisa mellom Bergen og Stavanger når heile E39 er ferdig.

Utrekninga gjeld når heile strekninga er ferdig bygd, og tek utgangspunkt i alternativ 1 mellom Bokn og Bømlafjorden.

Powered by Labrador CMS