nyhende

Brith Inger Dirdal Engan ser med glede tilbake på åra som Vestavind sin første annonsekonsulent.

Ho var Vestavind sin første annonse­seljar: – Stolte av å skapa noko nytt

Ho kom som ein frisk vind frå sør og fekk hovudansvaret for å sikra inntekter til Vestavind i oppstartfasen. Brith Inger Dirdal Engan var avisa sin første annonsekonsulent.

Publisert

Ho blei headhunta til oppgåva og tilsett sommaren 1987.

– Det var vel nokon som hadde fanga opp at eg dreiv med teikning og var flink til å uttrykka meg med ord, seier ho smilande når ho i dag ser tilbake på vegen sin inn i avisbransjen.

Sjarm og og overtalingsevne

Teikning og maling har ho drive mykje med i Sveio, men ikkje i jobbsamanheng. Sjarm og overtalingsevne fekk ho derimot mykje bruk for når skeptiske annonsørar skulle overtalast til å satsa reklamekroner på ei nystarta og relativt ukjent lokalavis.

– Ein del firma i Sveio var flinke til å støtta opp frå starten av, men me måtte til Haugesund for å skaffa nok annonser. Der blei eg ofte møtt med det motargumentet at Haugesunds Avis allereie hadde så god dekning i Sveio at det var nok å annonsera i regionavisa.

Engan sitt svar var då at annonsørane ville koma mykje tettare på dei potensielle kundane sine ved å annonsera i lokalavisa.

– Og mange blei etter kvart nysgjerrige på prosjektet vårt og let seg overtala, fortel ho.

Men det kravde stor innsats. Ho måtte vera på heile tida. Og sjølv om ho berre var tilsett i ei deltidsstilling, blei timetalet på jobb kvar veke som oftast minst tilsvarande full jobb.

Det var Vestavind sin første redaktør, Eva Marie Sternhoff, saman med styret som tilsette Engan i stillinga som annonseseljar. Dei to damene kom svært godt overeins. Engan skryt uhemma av Sternhoff, både som redaktør og kollega.

Vestavind-damene Brith Inger Dirdal Engan (t.v.) og Eva Marie Sternhoff var på førstesida i Haugesunds Avis dagen før den første utgåva av «nye Vestavind» kom ut 27. august 1987.

– Stolte av det me fekk til

– Noko av høgdepunktet med jobben i Vestavind var den stoltheita me opplevde over at me saman fekk vera med å skapa noko nytt, setta idear og tankar ut i livet og sjå at det gav resultat, seier Engan.

Brith Inger Dirdal Engan er oppvaksen i Stavanger. Året før ho fekk jobb i Vestavind, flytta ho med mann og barn frå storbyen til svært så landlege omgivnader med vidt utsyn over Bømlafjorden og havet i vest. 

Ho har alltid hatt mange jern i elden og trivst stort sett med det. 

– Eg er oppdradd i symjeklubben og i søndagsskulen og speidaren, fortel ho.

Allsidig erfaring

Innan symjesporten dreiv ho det så langt at ho blei noregsmeister og sette fleire rekordar som blei stånde over lang tid. Det var også i symjeklubben ho møtte mannen sin, Ragnar, som mellom anna er noregsmeister i livredning.

Song har også frå tidlege år vore eit stort interessefelt for Engan. Det var på ein tur til Bømlo med Stavanger domkantori, der både ho og Ragnar var med, at dei først la merke til huset på Hovda. Under besøk hos eit søskenbarn i Sveio noko tid seinare fekk dei vita at huset var til sals.

Tidleg på 1980-talet tok også Engan initiativet til organisasjonen Storfoten, ein interesseorganisasjon for personar med store føter. Ifølge organisasjonen si nettside gjeld dette kvinner med skostorleik frå 42 og oppover, og menn som brukar 47 og oppover. Engan er sjølv i denne kategorien. Ho brukar sko nummer 43.

Brith Inger Dirdal Engan og ektemannen Ragnar Engan kom frå Stavanger og budde i Sveio til dei for eit års tid sidan flytta til leilegheit i Haugesund.

Ho hadde altså allsidig bakgrunn, men inga salserfaring, då ho tok fatt på jobben i Vestavind. Her blei mykje av ansvaret for avisa si framtid lagt på skuldrene hennar. Før 1989 fekk ikkje Vestavind pressestøtte. Bladpengane og annonsesalet var dei einaste inntektskjeldene, og annonseinntektene utgjorde den største delen. Engan kasta seg over oppgåvene med same entusiasme som ho tidlegare hadde vist i idretten og organisasjonslivet. Ho er ikkje i tvil om at det var verd innsatsen.

– Eg blei svært godt motteken og møtte så mange flotte folk i Sveio. Og eg er ikkje i tvil om at Vestavind har hatt svært mykje å seia for utviklinga av sveibuane sin identitet.

Vidare til songkarriere

Engan blei verande i Vestavind i seks-sju år, og skryt av samarbeidet med alle redaktørane ho var saman med. Utanom Sternhoff nemner no særleg Margareth Hægland (Langebro). Dei andre redaktørane i denne tida var Per A. Enge, Ingeborg Marie Jensen, Sigurd O. Larsen og Svein Olav Hansen. Men jobben var, som nemnt, krevjande og medførte ein del slitasje. Alt då ho kom til Sveio bar ho dessutan på draumen om å ei profesjonell songkarriere. 

Brith Inger og Ragnar Engan blei buande på Hovda heilt til våren 2025. Då overdrog dei huset til ein son og flytta til leilegheit i Grindesvingen i Haugesund, der Vestavind har vore på besøk.

Powered by Labrador CMS