nyhende
Gneistar frå ei straummast var truleg årsaka til terrengbrann
Mannskap frå både Sveio, Førde og Haugesund blei sendt for å sløkka brannen i terrenget søraust for Buavåg onsdag kveld.
110-sentralen fekk melding at det brann i gras i nærleiken av ein trafo ved Lauvåsvegen klokka 17.30.
– Mannskap frå Sveio brannvesen blei sendt ut, samstundes som Fagne blei varsla sidan brannen var i nærleiken av straummaster og høgspent. Då første eining kom fram 17.43, melde dei at brannen spreidde seg raskt på grunn av mykje vind, fortel innsatsleiar Torgrim Jørgensen i Haugesund brannvesen.
Brukte lauvblåsarar og vatn
Det gjorde at mannskap frå Førde brannstasjon og ein tankbil frå Haugesund også blei sendt ut.
– Sjølve sløkkinga blei gjennomført med lauvblåsarar og vatn. Bruk av lauvblåsarar er svært effektivt på denne type brannar, og klokka 17.55 var sju lauvblåsarar i sving. Då var det kontroll på brannen, og tankbilen frå Haugesund kunne returnera. Klokka 18.07 var brannen sløkt, og det pågjekk ettersløkking, seier Jørgensen.
Truleg gneist frå straummast
Terrenget blei dynka med vatn for å sikra at brannen ikkje blussa opp igjen. Klokka 19.20 avslutta brannvesenet arbeidet. Området blei sjekka seinare onsdag kveld, og då var det ingen utslag på temperatur. Ein ny sjekk blir gjort i dag.
Det brann omlag to mål terreng før brannen var sløkt.
Politiet avslutta sitt arbeid klokka 18.56. Undersøkingar på staden tyder på at brannen starta på grunn av gneister frå ei straummast. Politiet opprettar ikkje sak.
Denne gongen var det ikkje bål eller andre menneskelege aktivitetar som utløyste brannen, men innsatsleiaren minner om at det er viktig å tenka seg om.
– Skal lite til
– Sjølv om det har kome litt regn den siste tida, er det tørt i terrenget. Det ligg mykje dødt gras over det nye graset som er på veg opp. Brake, som brenn eksplosivt, gamalt lauv og lyng tørkar også veldig fort når det er litt sol og vind. Då skal det lite til før ein gneist frå eit bål eller ein primus utløyser brann. Er det litt vind, kan ein brann spreia seg fort og koma ut av kontroll, seier Jørgensen.
– Kva skal ein gjera om det begynner å brenna?
– Ring 110 med ein gong. Det gjeld også om du ser røyk. 110-sentralen har kontroll på til dømes kor det er bråtebrenning, og vil setta i gong utrykking ut frå informasjonen dei har og får, seier Jørgensen.