nyhende

Som tidlegare viser Integreringsbarometeret at dei aller fleste meiner at verdiane i kristendom og jødedom er i samsvar med norske verdiar, medan islam blir vurdert meir kritisk. Her er muslimar samla til bønn ved Islamic Cultural Centre på Grønland.

Integreringsbaro­meteret: Nordmenn har vorte meir kritiske til innvandring­

Ein fersk rapport viser at halvparten av oss meiner at innvandring truar samhaldet i Noreg og utgjer ein alvorleg trussel mot den nasjonale eigenarten vår.

Publisert

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) offentleggjorde onsdag den 12. utgåva av Integreringsbarometeret , som er Noregs mest omfattande undersøking om haldningane befolkninga har til innvandring, integrering og mangfald. Undersøkinga viser at befolkninga har fått eit meir restriktivt syn på fleire sider ved innvandring, integrering og mangfald enn i dei førre målingane.

Færre enn før trur òg forholdet mellom innvandrarar og resten av befolkninga vil bli betre i framtida. Samtidig svarer åtte av ti at rasisme forargar dei.

– Naturleg

Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) seier i ein skriftleg kommentar til NTB at integreringa i hovudsak går bra, men at det er grunn til bekymring når fleire er skeptiske enn før.

– At me opplever noko slitasje i befolkninga no, meiner eg er naturleg. Me har teke imot rekordmange på grunn av Russlands fullskalainvasjon av Ukraina. Noreg skal ikkje ta imot fleire innvandrarar enn me klarer å integrera, seier ho.

Samtidig opplyser ho at regjeringa jobbar med ein heilt ny integreringsstrategi. Strategien er ute på høyring med frist til nyttår.

Skilnader i befolkninga

Forfattarane av rapporten understrekar at haldninga til innvandring varierer i befolkninga. Høg utdanning og kontakt med innvandrarar er knytt til positive haldningar til innvandring og integrering. 

Politisk skil det seg ut tre grupperingar i synet på innvandring: Veljarane frå SV, Raudt, MDG, Venstre og Ap er mest positive, veljarane frå Høgre, Sp og KrF er nær gjennomsnittet, og veljarane frå Frp og småpartia er klart mest kritiske.

Det er òg skilnader mellom kjønna, der unge menn er meir kritiske.

Storbyar mest positive

Innbyggjarar i storbyar, rike kommunar og i område med høg innvandrardel er meir positive til integrering enn dei som bur i mindre kommunar, eller kommunar med lågare innvandrardel.

Samtidig viser undersøkinga i år at nordmenn òg i større grad skil mellom ulike typar innvandring. Medan fleirtalet er positive til arbeidsinnvandring, som blir oppfatta å bidra positivt til norsk økonomi og velferd, har befolkninga vorte meir kritiske til å ta imot flyktningar, asylsøkjarar og familiegjenforeinte.

Imdi-direktør Libe Rieber-Mohn påpeikar at undersøkinga gir både eit aktuelt bilete av dagens haldningar i befolkninga og innsikt i korleis dei har utvikla seg over tid.

– Innvandring og integrering er tema som engasjerer, rører ved og skaper debatt. Difor er det viktig å ha solid kunnskap om korleis befolkninga oppfattar utviklinga på integreringsfeltet, seier Rieber-Mohn i ei pressemelding.

Ukraina-krigen

Russlands fullskala invasjon av Ukraina i 2022 vart følgd av ein auke i positive haldningar til innvandring. No er haldningane tilbake der dei var før invasjonen, og i nokre tilfelle er dei meir restriktive enn dei var før. Dette gjeld mellom anna unge menn, som skil seg klart frå unge kvinner.

Det viktig å ha solid kunnskap om korleis befolkninga oppfattar utviklinga på integreringsfeltet, understrekar Libe Rieber-Mohn, direktør i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi).

Samtidig som færre er optimistiske med tanke på framtidig integrering, meiner òg færre at deira eigen kommune bør busetja fleire flyktningar.

Sju av ti seier auka innvandring vil føra til meir kriminalitet i Noreg, og folk gir altså òg uttrykk for bekymring for at innvandringa vil svekkja velferdsstaten.

Haldningar til innvandring heng tett saman med syn på skattar og avgifter, utjamning, klima, likestilling og utanrikssaker (til dømes Ukraina, Palestina, USA).

Rapporten peikar på at det har vorte ein tydelegare samanheng mellom syn på innvandring og politisk tillit. Det blir vist til tidlegare studiar der ein ser at innvandringskritiske veljarar gjennomgåande uttrykkjer lågare politisk tillit.

Blir opprørt av rasisme

Som tidlegare viser undersøkinga at dei aller fleste meiner at verdiane i kristendom og jødedom er i samsvar med norske verdiar, medan islam blir vurdert meir kritisk. Dette biletet er stabilt over tid.

Det er ei utbreidd oppfatning at mange muslimske kvinner blir tvinga til å bruka hijab. Samtidig meiner tre av fire at diskriminering av innvandrarar finst, særleg i arbeids- og bustadmarknaden.

– Når me ber folk om å tenkja seg at dei fekk ein sjef med innvandrarbakgrunn, er det få som uttrykkjer at dei ville vore skeptiske. Eit stort fleirtal seier at rasisme forargar dei, skriv forfattarane.

Ingen fasit

Riber-Mohn understrekar at haldningsundersøkingar ikkje er ein fasit på korleis integreringa faktisk fungerer, men at det er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget.

– Saman med anna forsking, statistikk og erfaringar frå praksisfeltet gir Integreringsbarometeret eit breiare og meir heilskapleg bilete av integreringsfeltet, understrekar ho.

Ho peikar òg på at dei lange tidsseriane i Integreringsbarometeret òg viser at fleire haldningar har vore stabile dei siste 20 åra. Det gjeld til dømes synet på om innvandring i hovudsak er bra eller dårleg for Noreg, synet på om arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa gjer ein nyttig innsats i norsk arbeidsliv, og synet på om verdiane innanfor islam er i samsvar med dei grunnleggjande verdiane i det norske samfunnet.

– Stabilitet kan vera eit like viktig funn som endring. Når haldningar held seg stabile over tid, kan det tyda på at dei er djupt forankra i befolkninga og ikkje berre uttrykk for mellombelse stemningar, kommenterer Riber-Mohn.

Rapporten byggjer på ei befolkningsrepresentativ spørjeundersøking frå november og desember 2025 der 3.000 respondentar frå Kantars nettpanel deltok.

Powered by Labrador CMS