nyhende

Mann sit i blå sofa på Statens vegvesen Stord-kontor og gestikulerer
Henry Damman, planleggingsleiar for E39 Bokn-Bømlafjorden, er ikkje overraska over det store engasjementet i høyringsperioden. No startar arbeidet med å gå gjennom innspela.

Rundt 350 innspel til E39-planane

Måndag 23. mars gjekk fristen ut for å senda inn høyringsinnspel til E39. Saka har skapt stort engasjement i dei tre kommunane, og over 350 innspel er registrerte så langt.

Publisert

– Det var eigentleg som venta, seier planleggingsleiar for E39 Bokn–Bømlafjorden, Henry Damman, om dei rundt 350 innspela Vegvesenet fekk i høyringsperioden.

Dei fleste innspela kjem frå private aktørar, anten gjennom lag og foreiningar eller frå enkeltpersonar, medan fleire offentlege instansar enno ikkje har levert sine.

Utvida frist

– Fylkeskommunane og nokre andre har bede om utvida frist, mellom anna fordi dei skal fatta politiske vedtak, fortel Damman.

Han nemner Sveio kommune, Bokn kommune, Kystverket og statsforvaltaren blant dei som framleis ikkje har sendt inn sine innspel. Damman reknar med at desse kjem i løpet av neste månad.

Kva skjer vidare?

– Onsdag 25. mars set me oss ned og begynner å gå gjennom innspela som har kome inn. Alle skal vurderast, og alle skal få svar, seier Damman.

Han forklarar at den vidare framdrifta i prosjektet vil avhenga av kor store endringar innspela fører til.

– Me reknar med nokre mindre justeringar i forslaget, men kor raskt saka går vidare, kjem an på kva innspela fører til. Me håpar å kunna senda saka vidare til kommunane rundt september i år, seier han.

Powered by Labrador CMS