Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Klesdesignar Siri Sveen Haaland i britisk motehus
Ho har laga sceneantrekk til den norske rapgruppa Madcon, medan bandet OnklP og De Fjerne Slektningene er hyppige brukarar av Black Rat-klede. No er Haaland invitert til Oxford Street og motegiganten Topshop.Denne saka var på trykk i Vestavind 17. desember 2015.
Stor drivkraft og intens jobbing gir resultat for Siri Sveen Haaland, som vaks opp på Fjon i Sveio. Prosessen med å koma inn under motehuset var ikkje så komplisert.
– Eg fekk ein e-post der det stod at Topshop var interessert i merket. Eg laga ein presentasjon, og fekk tilbod om å selja klede der, seier den skaparglade 28-åringen på telefon frå Oslo.
Merket Black Rat blei lansert for nøyaktig 3 år sidan. Kolleksjonen som er ute no, og som vil bli selt i London, heiter Team Oslo. Haaland har tatt seg god tid til å finna dei rette leverandørane i utlandet, og mykje tid går med til organisering. Det kostar tid og pengar – sjølve designbiten tar ikkje så lang tid. Dette året har handla om å skaffa klede til lageret. I 2016 er målet å få kleda ut i butikkar – pangstarten frå England kom heilt av seg sjølv.
Unorsk
Team Oslo-kolleksjonen består i grove trekk av genserar, t-skjorter, bukser og litt tilbehør. Merket Black Rat passar ikkje så godt inn i butikkar i Noreg, i følgje designaren, som skal på messe både i Berlin og København i starten av neste år. Å bli kontakta av den britiske giganten er stort.
– Eg hadde aldri førestilt meg at det skulle gå an. Det er drygt, eg trur nesten ikkje på det enda, seier designaren.
To veker i april blir kleda selt i Oxford street, side om side med kjende og ukjende merke.
Haaland slepp å betala leige, og får alle inntekter i eiga lomme.
– Det blir ein bra ting å ha på CV-en konkluderer ho, som frå før av har fleire utmerkingar å visa til.
Kleda omtalar Siri som streetwear i skandinavisk stil, inspirert av undergrunnen.
28-åringen jobbar mykje, og ikkje berre med Black Rat.
– Eg har ein veldig full jobb utanom, og jobbar nok i snitt 12 timar dagleg. Men eg jobbar berre med det eg likar – kremen av kremen, fortel Haaland med godt humør. Den andre businessen driv ho i lag med mora, der nasjonaldraktar blir forma av erfarne hender.