frå papirarkivet
Arjen lagde sild med Wenche
Såg du Arjen og Wenche på tv sist fredag morgon?Denne saka var på trykk i Vestavind 1. desember 2005.
”Sildaprinsen” frå Tjernagel har vore hos Wenche Andersen i God Morgen Norge og laga matjessild. Korleis gjekk eigentleg det?
Likte ho silda?
– Det gjekk kjempebra. Etter sending åt både Morten Sandøy og Nils Gunnar Lid silda på den nederlandske måten – heil etter halen. Alle som jobbar bak kamera og i regien kom for å smaka, fortel Arjen.
Oppskriftene som blei brukt var hans eigne. Wenche hadde laga kanapéar, med både sennepsaus og tzsatsiki. Og fastfood-varianten fekk han også slått eit slag for.
– Målet mitt er å få matjessild i lompe inn på bensinstasjonane, gliste Arjen, og laga til ei lompe med sild, rømme, løk og rødbetar. Programleiaren, som ikkje var særleg begeistra for pølsevarianten, bad fint om å få smaka sildelompa. Ho gumla og sa det var betre enn sursild, som ho ikkje likte.
Delikatesse
Matjessildsalet går strykande på Austlandet og i Stavanger. I Haugesund har det ikkje heilt tatt av.
– Matjessild er eit delikatesseprodukt, trur kanskje ikkje folk i Haugesundsdistriktet er heilt med på tanken å betala masse pengar for sild.
– Dei vil helst ha silda gratis?
– Det var dine ord, ler Arjen.
– Kanskje ikkje gratis akkurat, men billig i alle fall.
I Oslo har han sørga for att både Bagatellesjefen og kjendiskokkar har fått prøvt matjessild. Silda finst alt i disken på den største delikatesseforretningen i hovudstaden. Går det som Arjen håpar kjem matjessilda på menyen til kokkelandslaget etter kvart også.
Norsk sild
Matjessild er eit 100 prosent norsk produkt – men likevel framleis ukjent for nordmenn flest. I Nederland derimot er matjessild ein delikatesse. Der har dei eigne matjessildfestivalar, og når årets første sild kjem i land er det stor fest. Dei første sildespanna bli faktisk auksjonert bort.
Matjessild er eit typisk eksempel på at fiskeindustrien i Noreg lagar eit produkt som er høgt verdsett av andre, men som knapt nok har vore tilgjengeleg i Noreg. I alle fall heilt til Arjen Kraaijeveld på Tjernagel begynte å importera silda tilbake – frå Nederland.