nyhende
– Vil legga til rette for at næringslivet i Sveio kan veksa og utvikla seg
Sveio næringsforum blir ein del av Næringsforeningen Haugalandet. Rune Hollekim er leiar for ressursgruppa i Sveio.
Avgjerda om å gå frå eit sjølvstendig næringsforum til å bli ein del av Næringsforeningen Haugalandet, markerer eit viktig steg for næringslivet i regionen. Med denne samanslåinga passerer medlemstalet i Næringsforeningen Haugalandet heile 700 bedrifter og organisasjonar, og foreininga har aldri vore sterkare og meir mangfaldig enn no, skriv næringsforeininga i ei pressemelding.
Breidde og styrke
– Det auka medlemstalet gir ei tydeleg breidde og styrker den lokale næringsstrukturen på Haugalandet, seier Bernt Jæger, administrerande direktør i Næringsforeningen Haugalandet.
For næringslivet i Sveio vil denne endringa få stor betydning. Samanslåinga opnar for eigne arrangement, møte og aktivitetar tilpassa lokale behov og utfordringar, slik at både små og store bedrifter får høve til å synleggjera seg og samarbeida.
Medlemskap i ei større foreining gir auka merksemd om dei særskilde utfordringane og moglegheitene som finst i kommunen.
Større merksemd om lokale utfordringar
Næringsforeningen Haugalandet har som mål å vera ein aktiv motor for utvikling og vekst, og no har foreininga fått eit endå breiare fundament, der både tradisjonelle næringar og nyare verksemder får felles arenaer for kompetanseheving, nettverksbygging og dialog.
– Gjennom eigne arrangement og større merksemd om lokale utfordringar vil ein legga til rette for at næringslivet i Sveio kan veksa og utvikla seg i takt med regionen, seier Rune Hollekim, leiar for den framtidige ressursgruppa i Sveio.
– Me ønsker alle eksisterande og nye medlemmer hjarteleg velkomne til Næringsforeningen Haugalandet, og ser fram til å bygga sterke relasjonar, gode møteplassar og eit levande næringsliv saman. Det samla fellesskapet gir no større moglegheiter for samarbeid, innovasjon og utvikling – og me er stolte over å vera ein viktig støttespelar for næringslivet på Haugalandet, seier Jæger.