nyhende
Treng du noko søtt?
Redaktøren i Tysvær Bygdeblad gir Glennen, alias Glenn Rand, terningkast 4 for den nye singelen hans.
Glennen er ute med singelen «Nokon som deg» og denne gongen handlar det om ekte og etterlengta kjærleik. Som vanleg, vil du kanskje seie? Vel, kanskje, men dette er songen du bør spele for dama di når raudvinen står på bordet og det er god fyr i peisen.
Dette er visesong i kjent Glennen-stil, og det skal den tidlegare førlandsbuen ha, han er tru mot sin stil, sine ærlege og ekte tekstar og ikkje minst sin musikalske stil.
Det er framleis litt Olav Stedje over dette, mest på grunn av dialekta og framleis er det litt rop etter eit band.
For det er sekvensar i songen som kunne vore mange hakk opp om Glennen hadde hatt eit samkøyrt band i ryggen, ein gjeng som hadde løfta han fram og gitt han den siste dytten.
Men Glennen har som sagt sin litt særeigne stil, sitt publikum og sine lyttarar. Dei vil ha det slik som dette, og eg er sikker på at mange kjenner seg att i teksten. Melodien stel ikkje merksemd og det er lyttbart så det held. Men for meg Glennen, og det veit du godt, så hadde det vore stas og fått høyrt songane med eit skikkeleg band. Er ikkje Lava frå gamle Sogn og Fjordane?
Alf-Einar Kvalavåg