frå papirarkivet
24. september 1987:
90 krabbar kokt i vaskemaskin
Denne saka var på trykk i Vestavind 24. september 1987.
Sist veke var det krabbefest på Sveio Alders- og sjukeheim, og 90 krabbar vart kjøpt inn og kokt i ein gamal vaskemaskin. Tullar me? Neida, vaktmeiser Knut Kinn har fiksa opp ein gamal Elto og satt inn eit varmeelement.
Dermed kunne kokken lempa dei 90 krabbane som var innkjøpt på Lyngholmen, oppi vaskemaskinen og koka alt i ein ladning.
Vestibylen vart rydda og langbord vart satt opp og dekka på. Det er ennå ikkje matsal med plass til alle på SSA, men det løyser ein altså ved å bruka vestibylen. Koseleg vart det og, der, med fint pynta bord og krabbe i massevis.
Dei eldre benka seg rundt bordet 42 i talet, og det var berre nokre få som ikkje var med. Krabbefesten varte i over ein time, og då var alle mette av krabbe og salatar.