nyhende
Feststemning trass grått og vått vêr
Tradisjonen tru var det folketog og skular i tog då 17. mai vart feira i Sveio. Ordførar André Mundal heldt tale for dagen og minna om at fridom, demokrati og tryggleik er ikkje noko me kan ta for gitt.
Då 17. mai-toget gjekk inn mot oppstillingsplassen framfor Sveio omsorgssenter, likna det mest på eit paraplytog. Veret skifta mellom sol og regnbyer gjennom feiringa.
Tiande klasse gjekk med flagga i flaggborga, etterfølgde av 4. klasse, som har ansvaret for 17. mai-feiringa ved skulen. Aller fremst i toget var det i år ein ny vri: ei strøken boble frå 1960, med Kristoffer Øygarden bak rattet.
Boble som trafikkdirigent
– Eg hadde fått i oppgåve å stansa trafikken. Det valde eg like godt å gjera på denne måten, seier Kristoffer, som hadde henta den nylakkerte bilen så seint som torsdag.
17. mai-feiringa i Sveio er leia av 4. klasse. Knut Ole og Martha Hovda, som begge sit i komiteen, fortel at det i tillegg til dei vanlege aktivitetane i år vart innført skyting igjen. Det var ein etterlengta aktivitet for mange.
Bildealbum 1 av 2:
Møta kvarandre ned respekt
Ordførar André Mundal Haukås heldt tale for dagen, og trekte mellom anna fram at demokrati også er korleis me møter kvarandre.
– Vårt demokrati lever ikkje berre i grunnlova. Den lever i måten me møter kvarandre på. I respekten for usemje. I tilliten til at me kan vera ueinige utan å vera uvenner. Dette er noko av det viktigaste me kan læra borna som veks opp. At fridom og rettferd ikkje betyr at alle skal vera einige. Men at alle skal få bli høyrde, få seie meininga si, og at me skapar tryggleik for at dette
kan skje.
Fellesskap og styrke
Ordføraren var innom ei rekke tema, og ein raud tråd var fellesskap og styrken det gir å høyra til og bidra:
– Me har sett det i arrangementa som er gjennom året, der oftast det er frivilligheita som er den drivande motoren. Rekkja med lag og organisasjonar er stor, og den viser gong på gong at dugnadsanda i Sveio ikkje er eit minne frå gamle dagar, men er noko som er i levande den dag i dag.
– Me har sett det i dei eldre. Dei som no ofte blir omtale som at dei er del av ei eldrebølge. For eg ser ikkje på dei eldre som ei bølge me skal frykta. Eg ser ein ressurs. Eg ser menneske med initiativ, som er tradisjonsberarar, som møter opp, bakar, køyrer, passar barnebarn, skaper tryggleik og deler klokskap.
– Røtene held oss på plass
Han sa også at me menneske er kanskje ikkje så ulike trea i skogen. Har me fått
legga solide røter, står me støtt når det bles, både her og ute i verda:
– Røtene strekker seg ut frå oss og bind oss saman med menneska rundt oss. Då toler me at det knakar litt når det verkeleg røyner på – utan å falla over ende. Røtene held oss på plass.
Difor betyr det noko at me tek vare på historia vår, språket vårt og kulturen vår. Det betyr noko at me løftar fram kulturhistoria, at me har festivalar, bibliotek, kyrkjerom, lag og møteplassar. Alt dette er med på å gi oss røter. Alt dette er med på å minna oss om kven me er, og kvar me høyrer til.
Bildealbum 2 av 2:
Vestavind fekk også ros då ordføraren kom inn på at i dag er det mykje informasjon på nett som kan vera feil, forenkla eller laga for å påverka oss.
– Må vernast om kvar dag
– Me treng fakta. Me treng open samtale. Me treng stader som kan undersøke, og der folk kan
finna truverdig informasjon. Her i Sveio har me i 40 år kunna stola på den flotte lokalavisa vår, Vestavind. Lokalavisa har i alle desse åra vore viktig for det levande lokalsamfunnet vårt. Ho fortel dei små historiane og dei store. Ho stiller spørsmål. Ho skriv om det som skjer. Ho løftar fram både gleder, utfordringar og engasjement.
Haukås oppmoda til å feira dagen med med glede, men minna om at me skal også ta med oss alvoret:
– Fridom, demokrati og tryggleik er ikkje noko me kan ta for gitt. Det er noko me må verna om – kvar dag – i måten me møter kvarandre på, i måten me stiller opp på, og i måten me bygger fellesskapet vårt vidare.