nyhende
Kongen åleine til Etne: – De får ta til takke med berre meg denne gongen
Kong Harald hadde med seg ei helsing frå sjukmelde dronning Sonja då han talte til befolkninga i Etne kommune tysdag.
– Både dronninga og eg hadde gledd oss til å komma hit til Etne. Diverre måtte dronninga bli heime, så de får ta til takke med berre meg denne gongen, sa kongen.
– Men eg skal helsa dykk alle så mykje frå henne, og me skal nok få ei fin stund saman likevel.
Dronning Sonja vart søndag sjukmeld i éi veke på grunn av hjarteflimmer og hjartesvikt. Ho har behov for kvile og tilpassing til medisinering, og måtte difor droppa turen til Etne.
– Dronninga er ved godt mot. Som følgje av sjukmeldinga vil ikkje dronninga vera med på fylkesturen til fire kommunar i Vestland fylke, skreiv Slottet i ei pressemelding.
Aldri skjedd før
Tradisjonen med fylkesturar starta allereie då dei var kronprinspar i 1969, og har halde fram etter at dei vart kongepar i 1991.
Turen til Vestlandet denne veka er likevel første gong kongen gjennomfører ein slik tur åleine.
– Kongen har vore på mange reiser i Noreg åleine, og han har ofte gjort kommunebesøk åleine. Men i ramma av fylkestur-tradisjonen så er det første gong, opplyser kommunikasjonssjef Guri Varpe til NTB.
Storslått velkomst
Kong Harald er difor på tur åleine – og held fram jakta på å ha besøkt alle Noregs kommunar. Etter fylkesturen i Vestland denne veka manglar han berre fem.
På kaien i Etne vart kongen teken imot av musikk frå Etne musikklag og Etne skulekorps. 50 niandeklassingar stod klare med flaggborg då han gjekk av den vesle sjaluppen som frakta han i land frå kongeskipet.
Det bles friskt og vêret var litt grått, men kongen såg ut til å vera i godt humør.
I Etne besøkte kongen den berømte Stødle kyrkje, som etter det som blir sagt, vart bygd av sagalegenda Erling Skakke.
– Denne lange, gamle historia har røter her hos dykk – og var nærast til å ta og kjenna på oppe ved Stødle kyrkje, som har stått der sidan 1100-talet. Det var ei oppleving å komma ut frå kyrkja og sjå utover Etnefjorden. Ikkje rart at Erling Skakke valde å byggja ei kyrkje akkurat der, sa kongen.
Traktorsafari
Etne var maktsenteret og heimstaden til Erling Skakke – som sjølv fekk son sin sett inn som konge av Noreg.
– Her kom han altså frå, barnekongen Magnus 5. Erlingsson, som vart krona i Bergen sju år gammal. Med kroninga følgde òg ei ny tronfølgjarlov som skulle sikra samling om éin konge basert på slektskapar og blodsband, sa kongen i talen.
Kongen skrytte av naturen i kommunen og rosa den kreative moderne turismen som blir tilboden.
Turistar kan mellom anna dra på traktorsafari til gardane på den veglause nordsida av Åkrafjorden.
– Det kvalifiserer til eit innslag i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Men at folk kan velja å bu nær sagt kvar som helst her i vakre Etne, har i alle fall ikkje eg det minste problem med å tru, sa kongen.
Kongen av humor
Kongen er kjend for lunet sitt og gode humor, og det kom tydeleg fram i talen til dei frammøtte.
– Her er me altså samla på Skakke. Misvisande namn, spør de meg, for her ser ting ut til å vera heilt på stell. Men sånn blir det jo når ein skal kalla opp Erling Skakke – som fekk hovudet på skeive etter eit sverdhogg på eit av korstoga sine sørover.
Deretter serverte han litt lokalhistorie og fortalde om etnebuen Siri Auestad som i nauda si skreiv eit brev til kong Haakon i 1909 der ho bad om 250 kroner til å skaffa eit lite hus til seg og mannen.
Det fekk ho òg, men kong Harald dempa forventningane om at han er like gåvmild som bestefar.
– Eg må innstendig få dempa forventningane hos dei som måtte leika med tanken på å skriva til meg og spørja om å få eit hus i dag, sa kongen til latter frå publikum.
– Det er eit fint bilete på nærleiken mellom folk og kongehus her i landet, og det er eg takksam for, la kongen til.
Fem kommunar igjen
Etter kyrkjebesøket vart det som seg hør og bør folkefest, underhaldningsinnslag og talar på Skakketorget i Etne.
Hundrevis av innbyggjarar hadde møtt opp med flagg, og frå scena vart det påpeika at det kanskje er 900 år sidan sist ein konge har besøkt bygda.
I løpet av fylkesturen skal kongen besøkja kommunane Etne, Samnanger, Vaksdal og Askvoll. Han rykkjer dermed stadig nærare målet om å ha vore på offisielt besøk i alle Noregs kommunar.
– At Etne er ein av dei siste kommunane kongen besøkjer, det tek me som stadfesting på at han sparer det beste til slutt, sa ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) i talen sin til kongen.
Når fylkesturen er over, har kongen berre fem kommunar igjen, og éin av dei – Beiarn kommune i Nordland – planlegg kongeparet å besøkja i juni.
Kommunane som då står att er: Nissedal og Siljan i Telemark og Rindal og Høylandet i Trøndelag.