Konsert med Jon Martin Skauge med band i Valestrand Kulturkyrkje

7. mai 2026 kl. 19:00

Valestrand kulturkyrkje

Nystemtgitarist med eigen turne - "Dag for Dag"

Jon Martin Skauge har gjennom mange år vore ein svært ettertrakta gitarist for Rune Larsen og andre i programserien Nystemt i Nøsteboden på NRK1 og juleturnéen Nystemt til jul. I tillegg til gitarspelet er han ein erfaren komponist med ein unik musikalitet, og forutan eminent gitarspel får du servert meiningsmetna tekstar på nynorsk i ei melodiøs innpakning. Jon Martin appellerer til mange med sin ujålete, ærlege og humoristiske stil. Songane hans fortel om eit levd liv, og han byr raust på seg sjølv frå scena. Ein konsert med Jon Martin får fart på både smileband og tårekanalar. 

Jon Martin Skauge.

Inngang kr 300,00 pr person – inkl enkel servering.

Velkomne til ein konsert med ein fantastisk gitarist og formidlar – denne bør du få med deg

 

Powered by Labrador CMS