nyhende

Trafikkulukka ved Krossleite:

Skulen oppmodar føresette som har moglegheit, om å hente elevane ved skuleslutt for å avlaste situasjonen.

Rute 700 innstilt mellom Haugesund og Sveio sentrum – skulebussen til Vikse får ny trasé

Sveio kommune melder om at det blir endringar i skuleskyssen til Vikse skule, der Tveitevegen og strekninga inn mot skulen midlertidig ikkje blir køyrde, og føresette blir bedne om å bidra med henting av elevar.

Publisert Sist oppdatert

Trafikkulukka ved Krossleite/Tveit skapar utfordringar. Sveio skule melder via Sveio kommune si nettside om endringar for skulebussen til Vikse skule. Bussen vil køyra via Buavåg og Mølstrevåg før han går direkte til Vikse skule, der ruta blir avslutta. Dette inneber at Tveitevegen og strekninga mellom denne vegen og skulen ikkje vil bli køyrt i denne perioden.

For bussar som går nordover og vestover, går trafikken førebels som planlagt. Likevel må reisande rekne med forseinkingar.

Skulen oppmodar føresette som har moglegheit, om å hente elevane ved skuleslutt for å avlaste situasjonen.

Pressekontakt i Skyss, Ingrid Dreier, opplyser at rute 700 mellom Haugesund bussterminal og Stord no berre går mellom Leirvik terminal og Haukås terminal.

Det betyr at dei som skal reise mellom Haugesund bussterminal og Sveio sentrum, må finne ei anna løysing fram til traseen opnar igjen.

– Det er sjølvsagt veldig beklageleg, legg Dreier til.

Powered by Labrador CMS