nyhende
Satsar på fire nye år som ordførar
Etter nominasjonsmøtet i Sveio Høgre måndag er det klart at André Mundal Haukås stiller som partiet sin ordførarkandidat ved kommune- og fylkestingsvalet i 2027.
Mundal Haukås var einaste kandidat på nominasjonsmøtet, og blei samrøystes vald.
Vestavind har stilt han nokre spørsmål om motivasjonen, kvifor han meiner han er rett person, og kva saker han meiner blir viktige i åra som kjem.
– Kvifor ønskjer du å stille som ordførarkandidat for fire nye år?
– Perioden som ordførar har verkeleg gjeve meirsmak, og det er ei stor glede å få arbeida saman med gode kollegaer i kommunestyret. Ikkje minst har alle dei kjekke menneskemøta eg har fått vera med på, vore noko eg verkeleg håpar å få halde fram med også i neste periode. Eg sit nok med ei kjensle av å nett vera komen i gang. Sjølv om eg alt har fått treffa mykje spanande menneske, lag, verksemder og eigne tenester, håpar eg å kunne halde fram med endå fleire slike lærerike og inspirerande møte. At me det siste halve året har fått løfta to viktige lokale saker inn i stortingssalen, er med på å motivera og viser at lokalt engasjement kan bety mykje for både innbyggjarar og verksemder i kommunen. Kommunestyret har sett i gang spanande prosjekt i denne perioden, og dette blir det verkeleg kjekt å fylgja vidare.
– Kvifor meiner du at du er rett person til å leia kommunen vidare?
– Det er det til sjuande og sist veljarane som skal avgjere. Men eg er svært takksam for tilliten eg har fått av partiet til å vera kandidat. Eg vil gjera mitt beste for å vera ein ordførar som lyttar, legg til rette for samarbeid og som bidreg til å løfta fram Sveio.
– Kva saker blir viktigast for deg å jobbe vidare med i åra som kjem?
– Me går inn mot ei tid der demografien endrar seg markant, samstundes som det er krig og uro i verda, og me opplever ein kommuneøkonomi som er under press. Det vert viktig å sikra at me tilpassar oss ei tid der kampen om hendene som skal arbeida i kommunen vert sterkare. Samstundes lyt me leggja til rette for vekst, gode oppvekstvilkår og eit verdiskapande næringsliv med spanande arbeidsplassar. I ei uroleg verd blir det også viktig at me styrkar beredskapen vår og sikrar den lokale tryggleiken.
– Kva betyr det for deg å få tillit frå partikollegaene til å stille som ordførarkandidat?
– Det betyr svært mykje. Eg kjenner meg både stolt og audmjuk over å få den tilliten. Eg er heldig som får vera del av eit parti og eit lag med dyktige og engasjerte folk som ynskjer det beste for Sveio, og det gjev motivasjon til å stå på vidare.