nyhende

Endre Hetlesæter, Inger Lovise Semb og Sondre Natås Strand har fullført grunnkurset som brannkonstablar. Alle tre gler seg over å kunna bidra i ei viktig jobb for lokalsamfunnet.

Dei rykker ut til naboar og kjende – no er dei betre rusta

Fire brannkonstablar frå Sveio har fullført siste del av utdanninga. Samstundes håpar brannvesenet at fleire lokale vil melda seg.

Publisert

– Me gjer dette fordi me er veldig glade i lokalsamfunnet. Ofte kjenner me dei me hjelper – på det som kan vera den verste dagen deira, seier Inger Lovise Semb.

Ho er éi av fire brannkonstablar frå Sveio som no har fullført grunnkurset. Dei andre er Sondre Natås Strand, Endre Hetlesæter og Markus Svartveit.

Frå januar til april har dei vore gjennom eit kursløp på 193 timar. Vestavind møtte tre av dei etter kurset. Svartveit var ikkje til stades då intervjuet blei gjort.

– Utdanninga begynner eigentleg i det du blir tilsett, og så blir ho avslutta med grunnkurset, fortel Natås Strand.

Trente på reelle situasjonar

Kurset besto av både eigenstudium på nett og praktiske samlingar. Deltakarane trente mellom anna på søk, røykdykking, brannsløkking, trafikkulukker og redning i høgda.

Røyk, varme og flammar var ein del av treninga då brannkonstablar frå heile regionen gjennomførte grunnkurset.

For Natås Strand, som har lengst fartstid blant dei fire konstablane, var mykje kjent frå før.

– Det skal vera gjenkjenneleg. Mykje av dette er ting me allereie har vore gjennom i øvingar og oppdrag. Men det er nyttig å få repetert det grunnleggjande, seier han.

Må kunna litt om alt

For Hetlesæter var tauredning eitt av temaa som ga ny erfaring.

– Det handlar om både eiga tryggleik og pasienttryggleik. Dersom du for eksempel skal få ein skadd person opp frå ein silo, må det gjerast på ein trygg og skånsam måte, forklarar Hetlesæter.

Hetlesæter samanliknar rolla som brannkonstabel i Sveio med ein «Swiss Army knife» – ein sveitsisk lommekniv.

– Me er ute på mange ulike oppdrag, og er ofte på ulukkesstaden lenge før både politi og ambulanse. Derfor må me kunna litt om alt, seier Hetlesæter.

Trening på tvers

På kurset trente dei saman med mannskap frå andre brannvesen i regionen. Det er nyttig erfaring, meiner Natås Strand.

– Det hender me er på oppdrag der me samarbeidar med andre brannvesen. Korleis me løyser oppgåver kan variera. Derfor er det greitt at alle får same grunnopplæring, seier han.

Heile 17 brannkonstablar fullførte grunnkurset, som vart halde av Haugaland brann og redning IKS. Bak frå venstre: Eivind Espevik - HBR (i stige), Markus Svartveit - Sveio, Ola Vårvik - Suldal, Chris Andre Nymoen - HBR, Trygve Hustvedt Lærdal - HBR, Alexander Dahl Hellevang - HBR, Endre Hetlesæter - Sveio, Sondre Natås Strand - Sveio, Kåre Myklebust - Suldal, Thomas H. Cheek - HBR. Framme frå venstre: Tom Kristoffer Hult-Olsen - HBR, Pål Erik Landsnes - Suldal, Andreas Kallestein - HBR, Håvard V. Bakka - Suldal, Kristine Walland - HBR, Inger Lovise Semb - Sveio, Vedbjørn Borgen Gladsø - HBR.

Vil fylla opp stasjonane

Samtidig som brannvesenet har styrkt seg fagleg, vert det òg jobba med å få inn nye mannskap.

Brannsjef ved Haugesund brannvesen, Synne Vassbrekke.

Laurdag arrangerte Sveio brannvesen open rekrutteringsdag. Der fekk interesserte eit innblikk i kvardagen som brannkonstabel.

Brannsjef i Haugesund brannvesen, Synne Vassbrekke, seier målet er å koma opp i 16 personar på kvar stasjon.

– Nokon har gått av, og fleire kjem til å gå av framover. Derfor hadde me denne dagen, slik at dei som bur og jobbar i bygda kunne koma og sjå korleis det er, prøva seg på fysisk test og snakka med oss, seier Vassbrekke.

Ho fortel at 10–12 personar skreiv seg opp for å få utlysningsteksten tilsendt.

– Det kan vera utfordrande å rekruttera personell som bur og jobbar i bygda, men eg er veldig nøgd med dei som kom hit. Dei hadde eit godt grunnlag for å kunna bli brannkonstablar, seier ho.

– Venta på moglegheita

Heine Haugsgjerd frå Haukås var ein av dei som møtte opp på rekrutteringsdagen. 18-åringen har vakse opp tett på brannvesenet, og seier interessa har vore der lenge.

– Eg har eigentleg berre venta på moglegheita, seier Haugsgjerd.

Storesyster og brannkonstabel Åshild Haugsgjerd har stor tru på at veslebror Heine kan bli ein dyktig brannmann.

Etter sommaren begynner han som automatikerlærling i Equinor på Gullfaks C. Når han er heime i Sveio, håpar han å kunna bidra i brannvesenet.

– Det verkar veldig givande. Du er med på noko viktig, reddar folk og husstandar og bidreg til samfunnet, seier han.

– Det var kjekt å møta folk, snakka med folk og få sjå litt korleis det er, legg Haugsgjerd til.

Stillingane skal etter planen lysast ut før sommaren.

– Dersom det er fleire som kjenner at det bur ein brannkonstabel i dei, må dei søkja, oppmodar Vassbrekke.

Brannsjefen fortel at brannvesenet har meir fokus på mangfald, for at det skal spegla befolkninga. Frå venstre: Åshild Haugsgjerd, Marit Isaksen Hauge, einingsleiar for deltid ved Haugesund brannvesen, Synne Vassbrekke, Inger Lovise Semb og Silje Kvalvågnes.
Powered by Labrador CMS