Om oss
Vestavind er ei uavhengig lokalavis for Sveio i Vestland fylke. Avisa blei stifta i 1986 (første utgåve 16. januar 1986), er på nynorsk og har papirutgåve ein gong i veka, 46 papirutgåver i året. 5. mars 2020 fekk me nettavis.
I Vestavind er me eit positivt team som er opptatt av det som skjer rundt oss, både lite og stort. Me jobbar for å tilby eit godt produkt både for lesarar og annonsørar, og ser på lokalavisa som eit viktig informasjonsorgan for heile kommunen.
Vestavind har godkjent opplag på 1.612 eksemplar (andre halvår 2025). Me produserer avisa sjølv og avisa blir trykt i Bergen på Scibsted Trykk. Papiravisa blir distribuert av Posten i Sveio kommune og Helt hjem/Posten ellers i Norge. Styreleiar i Vestavind er Bent Rune Sinnes. Dagleg leiar er Susanne Lie Vallestad og ansvarleg redaktør er Ellen Marie Hagevik.
Vestavind arbeidar etter Vær Varsom-plakaten sine reglar for god presseskikk
Den som meiner seg ramma av urettmessig medieomtale, blir oppmoda til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan som behandlar klager mot media i presseetiske spørsmål.
For informasjon om klagetilgang, sjå: www.presse.no