nyhende
Tre Sveio-prosjekt får støtte frå SIM
Fredag var det representantskapsmøte i Sunnhordland interkommunale miljøverk (SIM). Der blei det klart at tre prosjekt i Sveio får støtte frå miljøfondet til SIM på til saman 211.000 kroner.
Bua ungdomslag får 100.000 kroner til ei ny flytebrygge ved Storavatnet på Bua. Planen er å etablera eit anlegg med hoppetårn på tre meter, stupebrett, badestige og landgang.
Styreleiar Nils Haktor Bua seier støtta er viktig for ungdomslaget.
– Det er utruleg bra. Me har fått støtte til tre prosjekt frå SIM nå, og det er heilt essensielt for at me kan driva med det arbeidet me gjer her, seier han.
Prosjektet har ei kostnadsramme på 300.000 kroner, og er førebels ikkje fullfinansiert.
– Me er avhengige av meir støtte for å få fullført prosjektet. Me må sjå kva me får til av andre søknadar og slikt i år, eller om det blir neste år, seier Bua.
Nytt løft for Mjånestjønno
Auklandshamn bygdelag får 61.000 kroner til badeplassen ved Mjånestjønno.
Styreleiar Arild Høyland seier bygdelaget ønskjer å rusta opp det som lenge har vore ein badeplass i bygda. Allereie har dei grusa opp sti og sett opp bord og benkar ved vatnet.
– Det neste nå blir å få på plass stupebrett og badeplattform, seier Høyland.
Bygdelaget ønskjer også å gjera området lettare tilgjengeleg, mellom anna for dei som kjem med barnevogn eller brukar rullestol.
Med støtta frå SIM kan dei gå vidare med neste del av arbeidet.
– Eg er veldig glad for at SIM vil bidra til å støtta oss i arbeidet med å skapa ein fin plass, seier Høyland.
Nytt samlingsstad på Førde skule
FAU ved Førde skule får 50.000 kroner til å setja opp ei grillhytte ved skulen.
Prosjektet er kostnadsrekna til 100.000 kroner. Sveio kommune har allereie bidrege med halvparten, og med støtta frå SIM er finansieringa på plass.
Planen er at grillhytta skal bli ein ny samlingsstad for elevane, både i friminutt, uteaktivitetar og undervisning.
Arbeidet skal etter planen gjerast på dugnad, og hytta skal òg kunna brukast av nærmiljøet utanom skuletid.
Økland vald til styreleiar
På representantskapsmøtet vart det òg klart at John Kristian Økland frå Sveio blir ny styreleiar i SIM.
Økland har vore Sveio sin representant i styret sidan 2021, og har vore nestleiar sidan 2024. No tek han over leiarvervet etter Solveig Råheim Grønsdal frå Stord, som ikkje ønskte attval etter ti år i styret.