nyhende

Til abonnentane våre:

Hand som held ein mobiltelefon med ei lokalavisa Vestavind open på skjermen i eit kontorlokale.
Vestavind har fornya seg med både ny nettavis og nytt abonnementssystem.

Slik loggar du inn

No loggar du inn med e-post og kode, får familiedeling og vil vera innlogga så lenge du er aktiv inne på nettavisa.

Publisert Sist oppdatert

Steg for steg:

  1. Trykk på  «Logg inn» øverst i menyen.
  2. Skriv inn e-posten som abonnementet ditt er registrert på
  3. Gå til din e-post og kopier koden du har fått, og lim den inn i innloggings­vindauget på nettavisa
  4. Då er du logga inn!

Treng du hjelp til å logga inn? 

  • Kom innom oss i vår kontortid i Sveiogata 72
  • Ring tlf. 53 74 01 80
  • Send e-post

Den nye abonnementsløysinga vår er no på plass, og nettavisa er no lukka for våre abonnentar. Me har gått bort frå innlogging med passord og abonnementsnummer.

Kode på e-post

No må du logge deg inn med e-post og skrive inn koden du får tilsend. Du vil då, så lenge du er aktiv innanfor 14 dagar, vere innlogga. Viss dette ikkje er tilfelle, må du sjå over innstillingane i nettlesaren din. 

Familiedeling

Det som er nytt i dette systemet, er at du kan leggje til fleire brukarar som bur på same adresse, som då vil få eiga innlogging med e-post. Eigaren av abonnementet kan leggje til to ekstra personar som bur i same husstand. Me gjer merksam på at abonnementet ikkje skal delast med andre enn dei som bur i same husstand på same adresse.

Dersom ein deler tilgang med andre enn husstanden, eller på andre måtar utnyttar Vestavind sine tenester, har avisa straks høve til å stenga abonnenten sin tilgang til desse. Abonnenten vil då mista tilgangsretten til dei produkt og tenester ein måtte ha kjøpt tidlegare.

Legge til fleire brukerar

For å legge til fleire i familien går du til "Min konto" og trykker på ditt abonnement som er aktiv. Der kan du trykke på «Administrer brukere» og da legge inn e-post til ein person i husstanden. Då vil den brukaren få eigen innlogging via e-post. Får du ikkje til dette sjølv kan du også sende oss ein e-post med namnet på eigaren av abonnementet og e-posten du vil legge til. 

1. På desktop: Oppe ved menyen trykker du på din bruker og velger "Min konto".
2. Trykk deg inn på abonnementet som du har aktivt.
3. Trykk på «Administrer brukere»
4. Der kan du legge til e-post til den du vil dela ditt abonnement med.

Får du ikkje kode på e-post? 

Ring tlf. 53 74 01 80 eller send oss ein e-post, så skal me sjekke om ditt abonnement ligg inne med korrekt e-postadresse i systemet vårt. 

Powered by Labrador CMS