To tunge køyretøy i ulukke på Tittelsnesvegen sør for Krossleite.

Førar til sjukehus etter kollisjon mellom to tunge køyretøy

Ein lastebil og ein tankbil med hengar kolliderte på fylkesveg 47 ved Kattabergsfjellet måndag. Vegen var stengd i fleire timar.

Publisert Sist oppdatert

Politiet fekk melding om ulukka på Tittelsnesvegen, sør for Krossleite, rundt klokka 12.50 måndag.

Ulukka skjedde på Fv. 47 ved Kattabergsfjellet Sveio.

Påkøyring bakfrå

Då naudetatane kom fram, viste det seg at ein lastebil utan last og ein tankbil med hengar hadde kollidert. Ifølgje brannvesenet var det snakk om ei påkøyring bakfrå.

– Nødetatane fekk melding om ein kollisjon mellom to tyngre køyretøy. Då vi kom fram, var det ein lastebil utan last og ein tankbil med hengar som hadde vore involverte, sa innsatsleiar i sør-vest politidistrikt, Hans Christian Dahl til Vestavind på ulukkesstaden.

Ein førar til sjukehus

Begge førarane vart tekne hand om av naudetatane. Den eine vart køyrd til sjukehus med ukjent skadeomfang, medan den andre vart dimittert på staden.

– Kva som er årsaka til kollisjonen, er det vi prøver å avdekka gjennom etterforskinga som går føre seg, sa Dahl.

Politiet opplyste måndag ettermiddag at det ikkje var mistanke om rus, men at det vart gjennomført rutinemessige testar av dei involverte.

Frykta lekkasje

Sidan ein tankbil var involvert, måtte naudetatane i starten vurdera om det kunne vera fare for lekkasje. Det vart seinare avkrefta.

– Det er alltid usikkert når ein tankbil med farleg gods er involvert. Då må vi vurdera kor stor tryggleikssone vi må setja av. Men per no er det ingen fare for lekkasje, sa Dahl.

Han peika på at ulukka hadde eit potensial som gjorde at naudetatane måtte ta høgde for fleire scenario.

– Dette er ei hending med eit visst potensial. Då brukar vi heller ein moderat overreaksjon for å ivareta tryggleiken, sa innsatsleiaren.

Vegen stengd i fleire timar

Fylkesveg 47 var stengd i fleire timar medan naudetatane arbeidde på staden, og medan dei tunge køyretøya vart fjerna. Vegtrafikksentralen varsla entreprenør, som dirigerte trafikken og la til rette for omkøyring.

Like før klokka 20.00 melde politiet at arbeidet på staden var avslutta, og at begge køyretøya var fjerna. Det blir oppretta sak etter ulukka.

Klokka 21.15 melde Statens vegvesen at vegen var opna igjen.

Powered by Labrador CMS