Intim­konsert med Vale­strand Manns­kor

4. mars 2026 kl. 18:30, i Valen kapell

Onsdag 4. mars kl. 1830 og kl. 2000 inviterer Valestrand Mannskor på ny til intimkonsert i unike Valen kapell. Koret rundar tretten år denne våren, og har i løpet av desse åra opptredd i ulike samanhengar – på små og store scenar både i og utanfor kommunen. Dette har ført til eit omfattande og variert repertoar som publikum har vist å setja pris på, og koret ønskjer difor henta fram ein del av desse songane saman med nokre nye og presentera dei i ein eigen konsert.

For å skapa ei stemningsfull, lun og litt annleis konsertoppleving har koret også i år valt Valen kapell som arena, og på programmet står eit knippe fine songar som i høgaste grad kjem til sin rett i dette vesle, flotte bygget som opprinneleg er frå 1707, men som blei gjenreist slik det står i dag på slutten av 1940-talet. Kapellet har snautt 50 sitjeplassar, og med ei sneis velfødde karar på scenen ligg dette an til å bli ein konsert der publikum, kor og musikarar verkeleg kjem tett på kvarandre.Koret stiller som vanleg med dei faste musikarane sine, men vil i år som i fjor leggja vekt på eit enkelt og kompakt oppsett for å tilpassa seg atmosfæren i kapellet.

Og målsetjinga til mannskoret er som før; dei syng helst ikkje for noko mindre enn fullt hus – og ønskjer med det alle velkommen til ei triveleg kveldsstund med song og musikk i Valen kapell.

På grunn av eit avgrensa tal på plassar til kvar konsert må billettar (150 kroner pr. pers.) kjøpast på førehand. Ta difor kontakt på mob.tlf. 97 70 48 25 for meir informasjon og kjøp. 

Powered by Labrador CMS