nyhende
Skal du til Etne for å sjå kongeparet?
Kong Harald og dronninga Sonja kjem til Etne tysdag 26. mai, og her er programmet for besøket. Garden skal ha ei eiga oppvisning etter kongeparet har dratt.
Etne kommune opplyser at kongeparet kjem i land på kaien ved båthamna i Etne sentrum klokka 11.00 tysdag neste veke. Derfrå går turen vidare til Stødle kyrkje via Enge.
I Stødle kyrkje blir det ei intim seremoni, før kongeparet reiser vidare til Skakkesenteret. I Skakkeringen vil dei møta barnehagebarn og elevar, som også skal stå for delar av underhaldninga.
Kommuen opplyser at det av praktiske årsaker ikkje blir mogleg for publikum å vera ved Stødle kyrkje under besøket, verken inne eller utanfor.
Garden kjem til Etne
Kommunen oppmodar difor folk til å heller møta opp med flagg ved kaien for å ta i mot og hylla kongeparet når dei kjem, i Skakkeringen og når dei reiser frå kaien att klokka 12.30. Det er også mogleg å stå langs vegen med flagg for å helsa kongeparet.
Hans Majestet Kongens 3. gardekompani, med musikk og drill, kjem også til Etne i samband med besøket. Dei skal ha oppvisning på kunstgrasbanen klokka 14.00.
Trafikk og parkering
Det blir sett opp sperringar fleire stader i løpet av dagen. Stadionvegen ved Skakkeringen blir stengd for gjennomkøyring under heile besøket.
Kommunen oppmodar dei som kan koma seg fram til fots om å gjera det denne dagen.
Parkeringsvakter vil hjelpa til med å fylla opp dei tilgjengelege parkeringsplassane.
Håpar alle kan hjelpa til
Skakke held ope denne dagen, og sel kaffi og kaker frå frå føremiddagen og lapskaus og pølser etter at kongeparet har reist.
Kommunen oppmodar alle til å møta opp med flagg og finstas. Innbyggarane blir også oppmoda til å rydda rundt eigedomane sine og heisa flagget. Kommunen håpar at alle kan hjelpa til med å visa bygda frå si beste side når kongeparet kjem på besøk.