Rasmus Olai, Helene, Kari, Malene, Johanne, Ole, Martha, Johanne Kristine og Agathe er namn døypte i Valestrand sokn fekk 63 år seinare, i 1864. Utdrag frå Klokkerbok nr B 1 (1864-1886).
Rasmus Olai, Helene, Kari, Malene, Johanne, Ole, Martha, Johanne Kristine og Agathe er namn døypte i Valestrand sokn fekk 63 år seinare, i 1864. Utdrag frå Klokkerbok nr B 1 (1864-1886).

frå papirarkivet

Kva heitte sveibuen i 1801?

– Kva heiter du? Dette spør ein ofte når ein møter og skal bli kjent med nye folk.Men kva hadde sveibuen svara i 1801?Saka var på trykk i Haustvind 2012.

Publisert Sist oppdatert

TOPP 10 – 1801, sveio

Kvinnenamn, 1801, Sveio

  1. Anna (108 stk)
  2. Brithe(-a) (60 stk)
  3. Kari (54 stk)
  4. Ingebor(g) (40 stk)
  5. Marithe (37 stk)
  6. Mari (31 stk)
  7. Siri (28 stk)
  8. Lisbeth (19 stk)
  9. Sissele (19 stk)
  10. Eli(-e) (17 stk)

Mannenamn, 1801, Sveio

  1. Ole (62 stk)
  2. Johannes (50 stk)
  3. Niels (36 stk)
  4. Lars (33 stk)
  5. Knud (22 stk)
  6. Anders (21 stk)
  7. Hans (21 stk)
  8. John (19 stk)
  9. Peder (19 stk)
  10. Endre (17 stk)

Dette er ei tid fjern frå vår eiga, ei tid der Napoleon herja i Europa og Noreg framleis var i union med Danmark. Kvart år finn ein lister over dei mest populære førenamna førre året, men korleis ville ei slik liste sjå ut på slutten av 1700-talet? Kva for nokre namnetrendar var dominerande?

Grunnen til at me kan seia noko om dette er at det i 1801 blei gjennomført ei folketeljing, der alle personane i Danmark-Noreg blei registrerte. På denne tida omfatta dobbeltmonarkiet Danmark-Noreg òg Grønland, Island, Shetland og Færøyane, samt deler av noverande Nord-Tyskland.

Alt i alt blei det registrert rett over 880.000 menneske i folketeljinga. Det blei registrert namn, alder, yrke (på overhovudet i familien) og posisjon i hushaldet. Denne folketeljinga blir i dag sett på som ei av dei mest moderne frå denne tida, og er ei rik kjelde til informasjon om samfunnet på byrjinga av 1800-talet.

Helge Dale Selsås jobbar som norsk- og historielærar ved Skeisvang vidaregåande skule i Haugesund, og fullførte i 2011 ei masteroppgåve i nordisk språk om namn, der han undersøkte bruken av førenamn i Sveio, Haugesund og nord på Karmøy i tidsperioden 1801 til 1900.

Av desse 880 000 registrerte personane frå 1801 finn me 1527 personar me i dag ville kalla sveibuar. Det var prestane som hadde i oppgåve å telja menneska for folketeljinga, og i 1801 var Sveio kommune delt mellom tre ulike prestegjeld og fire kyrkjesokn. Då kyrkjesokna frå 1801 strekk seg over det som i dag er fleire kommunar, har eg gått inn i folketeljinga på gardsnivå og trekt ifrå dei gardane som er på «feil» side av fjorden. Alt i alt var det 725 menn og 802 kvinner i Sveio i 1801.

Kvinnenamn

Før me set i gong med sjølve namna er det ein ting til eg vil rette merksemd mot. Det var som sagt prestar som skreiv ned namna i folketeljinga, eller i alle fall som organiserte innsamlinga. Dette førde til at namna blei skrivne ned på ulike måtar. For å få betre system i namna har eg slått saman former som er variantar av same namn, og eg nytter den mest frekvente forma i denne artikkelen. Eksempelvis fører dette til at namnet Barbro, som er det 26. mest frekvente kvinnenamnet i Sveio i 1801 med ni nedskrivingar, i realiteten er fire Barbro, ei Barbru, tre Barbrue og ei Barbara.

Det var som sagt 802 kvinner i Sveio i 1801. Desse kvinnene bar 87 ulike namn, og åtte kvinner hadde dobbeltnamn. 64, 8 % av kvinnenamna var frå den kristne kulturen og 32, 1 % var nordiske namn. I tillegg til dette var 2,6 % av namna tyske og 0,5 % fall i kategorien «andre».

Flest kristne namn

Blant dei ti mest frekvente namna er åtte kristne. Blant desse åtte namna er det berre eitt som er direkte innlånt, og det er Anna. Namnet Anna er ikkje med i Bibelen, men i apokryfe tekstar (kristne tekstar som ikkje kom med i bibelen) og kristen tradisjon er ho mor til Jomfru Maria. Namnet kjem frå hebraisk channa og tyder «nåde».

Dei resterande sju kristne namna er omforma etter at dei blei lånt inn. Desse er Britha(-e), Kari, Marithe, Mari, Lisbeth, Sissele, Eli(-e). Britha(-e) er ei form av helgennamnet Birgitte, den forma som er mest nytta på Vestlandet. Til samanlikning ser me den austlandske forma Berthe tre gonger i materialet. Kari er ein nordisk versjon av Katrine. Namnet er ikkje nemnd i Bibelen, men blei bore av den heilage Catarina frå Alexandria, som døydde i år 300 etter vår tidsrekning.

Marithe er ei nordisk form av namnet Margareta, som opphavleg var eit gresk-latinsk namn med tydinga «perle». Namnet blei nytta av fleire nordiske dronningar i mellomalderen. Namnet Mari er nordisk versjon av Maria, men kan òg sjåast på som ein nordisk versjon av Marina. Maria er igjen ei form av det hebraiske namnet Mirjam, med tydinga «den tjukkfalne». Marina er anten ei utvida form av Maria eller ein variant av det latinske namnet Marinus. Lisbeth er ei nordisk versjon av Elisabeth, over Lisabet.

Sissele er ei norsk form av Cecilie, som tyder «blind». Namnet er kjent i Noreg sidan omlag 1550. Eli(e) er ein versjon av Helene. Namnet stammer frå gresk, Helene tyder «skinnande, strålende». Namnet skal ha blitt bore av mor til keisar Konstantin den store, rundt år 300. Ei alternativ kjelde til inspirasjon for namnet kan vera den svenske helgenen Helena (Elin) av Skövde.

To nordiske

Det er to nordiske namn blant dei ti mest frekvente namna. Desse er Ingebor(g) og Siri, Ingebor(g) er sett saman av Ing(e)- av gudenamnet Ing- av Yngve (namn på den nordiske guden for grøderikdom) og –borg «berging, vern». Siri er ei yngre form av Sigrid, sett saman av Sig- «siger» og –frid «vakker (kvinne)».

Det var dei mest populære namna, og dei er ikkje heilt framande for oss den dag i dag. Blant dei namna som ikkje er så ofte brukt finn me nokre litt meir spenstige namn, som dei kristne Abelone og Pernilde. Namnet Begge kan me merka oss. Begge er i 1801 to år gamal og bur i Valestrand. Namnet er ei kjæleform for namn på Berg- og då særskilt det nordiske namnet Bergljot. Elles kan me nemna Boel, ei kortform av det nordiske namnet Bodil, nytta ein del i Danmark, og Gidske (truleg uttalt Gjeske), ei lågtysk eller frisisk form av Gjertrud. I tillegg er Tyri, Udna og Idna representerte i Sveio i 1801.

Når ein ser på eit namnemateriale pleier ein å sjå på i kor stor grad materialet er påverka av internasjonale namnetrendar. I dette materialet kan ein sjå på dei kristne namna som internasjonal påverknad. I tillegg pleier ein å sjå på to ting i korpus frå denne tida, det er dobbeltnamn og noko som blir kalla moverte former. Ei movert form er eit kvinnenamn som er laga på bakgrunn av eit mannsnamn, av typen Joakimine av Joakim (dømet er henta frå ein nabokommune i same folketeljinga).

I heile materialet frå Sveio finn me berre ei movert form, Oline. Oline er bore av to ulike kvinner i Sveio i 1801. Namnet er anten ei kvinneleg form av Ole, og kan dermed reknast som eit kristent namn av nordisk avstamming, via Olav den Heilage. Den andre forklaringa på namnet er at det er ei kortform av namn på –oline (Som Karoline og Nikoline). Namnet utgjer 0,1 % av namna i materialet.

Dobbeltnamn

Som nemnt har me seks dobbeltnamn i materialet, med åtte berarar. Desse er Berthe Marie (2), Anna Catharine (2), Berthe Carine, Else Christine, Anna Malene og Anna Sophia. Ved første blikk kan ein sjå at alle desse namna fell inn i kategorien kristne namn. Namna som er brukte som førstenamn er Berthe, Anna og Else. Alle desse har to stavingar. Vidare har alle namna som er brukt som andrenamn tre stavingar (Cathrine, Carine, Christine, Malene og Sophia). Me har altså eit tydeleg mønster med to + tre stavingar, noko som er typisk for fleirnamnskombinasjonar. Alt i alt hadde rett under ein prosent av kvinnene som blei registrerte meir enn eit førenamn.

Rasmus Olai, Helene, Kari, Malene, Johanne, Ole, Martha, Johanne Kristine og Agathe er namn døypte i Valestrand sokn fekk 63 år seinare, i 1864. Utdrag frå Klokkerbok nr B 1 (1864-1886).

Mannenamn

Materialet på herresida utgjer 725 personar, og desse bar i alt 116 ulike namn. Tre hadde dobbeltnamn. 46,7 % av namna var kristne, 50,1 % var nordiske, 2,4 % var tyske og 0,7 % går under kategorien «andre namn».

Blant dei ti mest frekvente namna finn me eit direkte innlånt kristent namn: Johannes. Namnet kjem opphavleg frå det hebraiske Jochanan, som tyder «gud er nådig». Førebiletet til namnet er Johannes Døyparen, kjent frå det nye testamentet i bibelen.

Følgjande kristne namn blant dei ti mest frekvente namna er omgjorte kristne namn: Niels, Lars, Anders, Hans, John og Peder. Niels er ein nordisk form av det greske namnet Nikolaos, sett saman av nike «siger» og láos «folk», lånt inn over det latinske Nic(h)olaus. Namnet er kjent i Noreg sidan 1000-tallet. Lars er nordisk form av det latinske Laurentius, over Lavrans (namnet tyder ein mann frå byen Laurentum i Italia). Namnet er kjent i Noreg sidan 1400-tallet.

Anders er ei nordisk form av det greske namnet Andreas og tyder «mann» eller «mandig». Namnet er kjent i Noreg sidan 1300-tallet, og blir etter reformasjonen eit av dei vanlegaste namna i Noreg. Både Hans og John er kortformer av Johannes. Hans er ei tysk kortform av Johannes, kjent i Noreg sidan siste halvdel av 1300-tallet, medan John er ei nordisk form av det same namnet. Namnet er kjent sidan 1000-tallet.

«Stein» eller «berg»

Peder er ei nordisk form av Petrus, ei latinisert form av gresk Pétros. Namnet er kjent i Noreg sidan omlag 1120 og tyder «stein» eller «berg».

Følgjande nordiske namn er inne på ti på topp-lista: Ole, Knud og Endre. Ole er ei dansk form av Olav, som igjen kjem frå det norrøne Olafr. Namnet er kjent gjennom Noreg sin nasjonalhelgen Kong Olav Haraldson (Olav Digre, Olav den Heilage). Knud er eit nordisk (dansk) namn som stammar frå det norrøne Knutr, same tydinga som appellativet «knute». I tidlegare tider var det knytt mykje overtru til namn.

Ei slik førestilling var at om du gav ein gut namnet Knut, då skulle guten bli den siste ungen i flokken, «knuten» skulle representera slutten (på ungeflokken). Endre er ei yngre form av Endride, og den vanlegaste forma etter reformasjonen, Eindride er sett saman av Ein- «åleine, eineståande» og anten –rida «ri», -rada «rå» eller –reida «svinga (sverdet)». Her er det altså rom for tolking.

Tollev og Gullick

Lengre nede på lista finn ein namn som Tollev (fem belegg), Gullick (fire belegg) og Gotskalk (fem belegg). Noko overraskande er det at det typisk sunnhordlandske namnet Kiærand (Tjærand, i dag mest kjent i etternamnet Tjærandsen) berre er belagt fire gonger.

Namnet er kjend i både norrønt, gamalengelsk og høgtysk, og er kjent i Noreg sidan før år 1000. Dei kristne namna Clement og Cornelius har begge tre berarar, medan to menn bar namnet Abraham. Det norrøne namnet Colben (Kolbein, namnet tyder «ein som har svarte føter») bar to personar i Sveio i 1801. Tharald er belagt to gonger, medan Absalon, Albrict, Bottolf, Engel, Hactor, Hemming, Levars, Siovat, Størkaar og Vigleich alle opptrer ein gong.

0,4 % med dobbeltnamn

I materialet er det tre dobbeltnamn; Hans Jacob, Knut Andreas og Andreas Gorm. Hans Jacob er sett saman av to kristne namn, der det første namnet har ei staving og det andre to. Knut Andreas er sett saman av eit nordisk og eit kristent namn, der det første namnet har ei staving og det andre har tre.

Namnet som skil seg ut er Andreas Gorm, sett saman av eit kristent og eit nordisk namn. I tillegg til det uvanlege andrenamnet Gorm, er det òg uvanleg at førstenamnet har flest stavingar. Her har det første tre stavingar, og det andre berre ei staving. Namnet Gorm er ei samandratt dansk form av Guttorm. Namnet har vært kjent i Noreg i lang tid, og var mellom anna namnet til ein av sønene til Eirik Blodøks.

Ifølge Norsk Personnamnleksikon har namnet elles berre usikre førekomstar i mellomalderen, før det dukkar opp igjen i 1897 i Rogaland. Namnet blir brukt i Andreas Gorm, og han er ifølgje folketeljinga son av en «husmann med jord, fisker» i Sveens sokn. Dette er den einaste Gorm som opptrer i hele folketeljinga av 1801 på landsbasis. Totalt utgjør berarane av dobbeltnamn 0,4 % av alle mennene i Sveio.

Konservative namn

På spørsmålet om kva sveibuen heitte i 1801 kan me svara at dei hadde relativt konservative namn. Me ser at kvinnene har litt større innslag av internasjonale namn, med eit større innslag av kristne namn. Generelt ser ein at kvinner er tidlegare ute med å henga seg på namnetrendar, her er ikkje sveibuen anno 1801 noko unnatak.

Dess lengre ned på lista over populære namn ein kjem, dess meir spanande namn finn ein, slik er det vel òg den dag i dag. Alt i alt kan ein kanskje seia at namna ikkje skil seg drastisk frå dei me sjølv ber, det har nok skjedd ei utvikling her òg, men kanskje er ho ikkje like stor som den ein finn ved andre sider av samfunnet. Dessutan er namnetrendar (som andre trendar) sykliske, det vil seia at om enkelte namn (og namnetypar) ikkje er særlig populære no, bør ein rekna med at dei kjem attende om ikkje alt for lenge. Så kanskje det kjem ein ny Levars, Andreas Gorm eller Abelone til live i Sveio ein gong.

Folketeljinga er no digitalisert og tilgjengleg i si heilskap på http://arkivverket.no/Digitalarkivet

Powered by Labrador CMS