nyhende

Oda, som hadde hovudrolla i kabareten, kunne feire saman med klassekameratane etter tre solide framsyningar. Frå venstre: Thuva Hamre Nilsen, Oda Luggenes Bye og Sofie Eriksen.

Full sal i går – full kantine i dag

Etter tre kabaretframsyningar for fullsett sal, kunne 10. klasse ved Sveio skule runda av med ei velfortent markering.

Publisert

Kommunen spanderte pizza på dei 84 elevane dagen etter kabareten. Det vart ei markering etter to veker med øving og to dagar med framsyningar for sveibuen, før ein velfortent vinterferie venta.

Her kan du sjå nokre bilete: 

Fleire vaksne deler ut fleire store pizzaer på bord i ein skulekantine.
Ordførar André Mundal Haukås takka elevane for eit strålande show – og fekk deretter vere førstemann til å ta seg eit stykke.
Mann ved disk med store stablar pizzaesker og tilbehør i eit kjøkkenrom.
Ein kan jo lure på kva pizzabakaren tenkte då Glenn Rand ringde og bestilte heile 28 pizzaer til elavane.
Ungdomar sit rundt kantinebord og et pizza saman.
I kantina samla dei seg rundt borda for å nyte eit siste måltid før det vart helg og vinterferie. Frå venstre: Emma Halleraker Vikse, Vienna Vikse, Sunniva Hjelmeseter, Julianne Rommetveit og Malene Hammer Kvalvågnes.
To ungdomar sit tett saman ved eit bord og held opp pizzastykke mot kameraet.
Snorre var ein av dei som hadde ansvar for lys og lyd under framsyningane. Fredag kunne han kose seg med kompisen Jonathan. Frå Venstre: Jonathan Høyland og Snorre Vea Hyland
To ungdomar sit inne og et pizzastykke medan dei smiler til kvarandre.
Frå venstre: Jenny Haldin og Olivia Valen
Powered by Labrador CMS