nyhende

Rad med langrennsski og støvlar i lys sportsbutikk med oransje vegger.
Skattkammeret har framleis noko vinterutstyr att til utlån, men alpintutstyret byrjar å minka – her står ski og støvlar klare for nye turar.

Dette skjer i vinterferien

Vinterferien står for døra, og både Sveio frivilligsentral, Førde ungdomslag og Sveio folkebibliotek har lagt planar for kva barn og unge kan finna på.

Publisert Sist oppdatert

Sveio frivilligsentral reiser på tur fleire dagar i vinterferien, men tilboda er allereie fulle:

  • Måndag 23. februar: Rush trampolinepark i Haugesund
  • Tysdag 24. februar: Lucky Bowl i Haugesund (bowling)
  • Onsdag 25. februar: Buss til Sauda skisenter for slalåm

Turprogrammet gjer at det blir avkorta opningstid for utlån på Skattkammeret denne veka. Likevel held frivilligsentralen ope for utlån på ulike tidspunkt tysdag, onsdag og torsdag. Det er framleis noko utstyr igjen, men det byrjar å minka på alpintutstyr.

Samstundes går dei faste aktivitetane i vinterferieveka ut, mellom anna språkkafé og fredagskafé.

Førde ungdomslag

Også Førde ungdomslag har opplegg i vinterferien:

  • Torsdag 26. februar: Rush trampolinepark Haugesund
  • Fredag 27. februar: Tur til Tysværtunet badeanlegg

Begge aktivitetane krev påmelding, og at ein sjølv kjem seg til dei ulike aktivitetane. For barn under 10 år er det krav om å ha med ein badande vaksen.

Vinterferieverkstad på biblioteket

For dei som vil halda seg i bygda, inviterer Sveio folkebibliotek til vinterferieverkstad frå måndag til torsdag (23.–26. februar). Her kan barn og unge måla, teikna og perla.

Vått vêr i vente

Det ser ut til å bli ei våt vinterferieveke. I Sveio melder yr.no nedbør i form av regn kvar einaste dag, og temperaturar på rundt 5–7 grader. For dei som reiser til Sauda på onsdag, er det heldigvis meldt snø på dagtid.

Powered by Labrador CMS