nyhende

I arbeidspraksis: Magnus Nummedal Halleraker.

– Eg likar at eg får jobba litt ute og levera blomster til folk

Denne våren har Vestavind Dani Lukas Grunnevåg i arbeidspraksis. Han skal prøva seg på forskjellig, og vil mellom anna halda fram spalta «I arbeidspraksis». Her får du møta andre 8. klassingar som er ute i jobb ein dag i veka.

– Kvar jobbar du?
– Eg jobbar på Sveio Blomster.

I arbeidspraksis

Namn: Magnus Nummedal Halleraker

Alder: 13 år

Bustad:  Rophus

– Kvifor valde du denne jobben?
– Det var ikkje så lang veg til jobb, og det var den første jobben som dukka opp i hovudet mitt.

– Kva er arbeidsoppgåvene dine?
– Eg vaskar hyller, kostar golv og kastar greiner i hageavfall.

– Kva likar du best med jobben?
– Eg likar at eg får jobba litt ute og levera blomster til folk.

– Er det noko du synest har vore utfordrande?
– Nei, men eg kan bli sliten av å gå så mykje.

– Synest du jobben passar for deg? Kvifor/kvifor ikkje?
– Nei, eg er eigentleg ikkje ein sånn blomstergut, men ein kan jo fort bli det.

Powered by Labrador CMS