nyhende
«Fy flate – dette er det flottaste eg har sett»
Brit Polden har sjarmert norske tv-sjåarar med dei ekte og spontane kommentarane sine i NRK-suksessen om dei nasjonale turistvegane. No er ho og fotograf Tor Sivertstøl i gang med ein ny sesong av serien.
– Responsen på serien har vore enorm. Det var såpass at Facebook-profilen min kollapsa fullstendig på grunn av alle meldingane etter at første programmet vart sendt. Eg hadde aldri tenkt meg noko slikt. Sidan første episoden har eg hatt over to millionar visingar på profilen min. Det har vore heilt uverkeleg, seier Brit Polden (45).
Vi møter henne og Tor Sivertstøl (57) på ein kafe i Molde, der Brit bur. Jazzbyen viser seg frå si beste side med temperaturen så vidt på minus og i strålande februarsol. Det vidkjende moldepanoramaet reiser seg mot himmelen medan Romsdalsfjorden ligg som ein fredeleg buffer mellom byen og dei mektige fjella.
Smil og fargar
Brit Polden er akkurat som vi ser henne på TV – kledd i fargerike gevant og heile tida med eit smil på lur. Tor Sivertstøl er litt meir i bakgrunnen og ein smule meir diskret i klesvegen. Men det blir fort tydeleg at dei to har god kjemi seg imellom, akkurat slik vi har sett det i serien.
– Det er litt av ideen bak denne serien. Vi har ikkje laga detaljerte planar for kva vi skal gjere. Vi tek det som det kjem. Brit er slik som ho er til dagleg. Reaksjonane hennar på det vi ser og opplever er heilt ekte, og det trur eg er ei av årsakene til at reaksjonane frå sjåarane har vore så gode. Det som kjem på skjermen er heilt spontant og aldri tilgjort, seier Tor Sivertstøl.
Dei fortel at mange har spurt om dei også er eit par i det verkelege livet, men det er dei ikkje. Her er det berre to kompisar saman på tur.
Brit er frå bygda Raudsand i Molde kommune i Romsdal, men bur i Molde by. Tor er frå Larsnes i Sande kommune på Sunnmøre. Han er i dag busett i nabobygda Haugsbygda. Den meritterte fotografen, med blant anna fartstid frå NRK, fortel at han har sysla med tanken om å lage ein serie om dei nasjonale turistvegane.
Den gode kjensla
– Eg har samarbeidd med Brit før. Eg visste tidleg at eg ville ha med henne. Ho har akkurat det eg var på jakt etter. Eg har heile tida tenkt at det skulle vere ein serie om to gode vener på tur, og at det skulle vere noko som var til glede for folk. Å gi sjåarane ei slags feelgood-oppleving i ei tid med krig og anna elende ute i verda, slik at dei kan få tankane over på noko anna, seier Tor Sivertstøl.
Han fortel at dynamikken mellom dei to er heilt avgjerande for resultatet. Trass i at dei som typar er heilt ulike. Medan Brit er den utovervende og sprudlande, så trivst Tor litt betre i bakgrunnen. Men han har klare tankar om kva han vil med serien.
– Eg har ein ide om kva eg vil formidle filmatisk, at det skal vere heilt nært. Brit sitt engasjement og begeistring er med på å forsterke det. Eg kunne aldri ha laga denne serien med nokon andre enn henne. Ho er 100 prosent naturleg. Ho er seg sjølv om ho har eit digert kamera, eller fem kamera, rett på seg. Eg har heile tida vore trygg på at dette kom til å bli bra, seier TV-fotografen.
– Yngstemann heime var vel rundt 11 år då han såg piloten til serien. «Det var artig å sjå på. Du er akkurat sånn som du er på ekte», sa han. Då visste eg at vi hadde fått det til, seier Brit.
I serien brukar dei eit kamera på dashbordet i bilen, eit «dashcam», for å vise stemninga inne i bilen. I tillegg er det ulike handhaldne kamera og sjølvsagt dronar. Det er viktig for å vise den storslåtte naturen i områda dei vitjar.
Kontroll på heile prosessen
Radarparet frå turistvegane har ulik bakgrunn. Tor er fotograf utan formell utdanning, men har lært seg faget gjennom ulike prosjekt. Han var blant anna med å starte TV Romsdal på 1990-talet, og seinare har han vore i NRK. Der samarbeidde han blant anna med Oddgeir Bruaset i serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Sidan har han drive for seg sjølv.
– Det er slik eg likar å jobbe. Eg vil ha kontroll på alt frå filming til redigering og heile sluttprosessen. Det er berre Brit og eg som har vore involverte i denne produksjonen, fortel han.
Brit hadde tidleg ein draum om teater og TV, men fortel at det var nærmast utenkjeleg for ei jente som vaks opp i den vesle bygda Rausand. Ho hadde kreative evner, men tok allmennfag på vidaregåande. Seinare tok ho utdanning innan kunst og handverk, og ho har i mange år undervist i dette faget i kulturskulen. Ho karakteriserer seg sjølv som ei kunstnarsjel.
Fleire turistvegar står for tur
Dei seks første programma i serien vart sende på NRK1 i januar og tidleg i februar, og ligg no tilgjengelege i NRK TV. I første delen var det to avsnitt om Geiranger og Trollstigen, før det vart to program frå Lofoten. I program nummer fem var det Atlanterhavsvegen på Nordmøre, før turen gjekk til Varanger i Finnmark i siste episoden.
No er dei to reiseglade godt i gang med andre sesong av serien. Då går turen til blant anna Hardanger, ein episode frå kvar side av fjorden. Også Gaularfjellet og Andøya står for tur, og truleg blir det sendestart i januar 2027.
Og Polden og Sivertstøl har planar for ytterlegare to sesongar av serien for å rekkje over alle dei 18 nasjonale turistvegane her i landet.