nyhende

Det komande døgnet er det venta holkeføre langs store delar av store delar av kysten i Sør-Noreg, og også eit stykke opp i fjellet. Kart: Meteorologisk institutt

Gult isvarsel og fare for kolonnekøyring

I ettermiddag startar vinterferien for mange, og det ser ut til å bli ein røff start med både isete vegar, vind og snøfokk i fjellet og auka snøskredfare.

Publisert

Fredagen starta kjøleg med ein god del vind og snø enkelte stader. I ettermiddag slår det om til mildare temperaturar og mykje regn. For dei som skal vera i låglandet i vinterferien, ser det dessverre ut til at det kan bli ein del regn den kommande veka.

Hålkeføre

Når det har vore kaldt så lenge som no, fører ofte regn til is på bakken. Og isfaren frå fredag ettermiddag til utpå laurdag er såpass stor at det er sendt ut gult farevarsel for hålkeføre langs store delar av kysten i Sør-Noreg, og også eit stykke opp i fjellet.

Det kan vera lokalt vanskelege køyreforhold, og isen kan vera vanskeleg å sjå. Bruk riktige dekk og køyr etter forholda. Transporttjenester kan også bli påverka, så rekn ekstra tid til transport og køyring.

Følg med på oppdaterte farevarsel og sjekk vegmeldingar på vegvesen.no/trafikk.

Kolonnekøyring

Kan du venta eit døgn med å køyra til fjells, bør du kanskje det.

– Vind og snø gir vanskelege køyreforhold over fjellet. Per no er det 50 prosent sjanse for kolonnekøyring på Haukeli og rundt 60 prosent over Hardangervidda det komande døgnet. Med mildvêret som er meldt, kan det også bli isete vegar eit stykke opp i fjellet, seier trafikkoperatør Andreas Rasmussen i Vegtrafikksentralen.

Prognosane til Vegtrafikksentralen klokka 12.00, tilseier at det er liten fare for stengte fjellovergangar. 

– Sjølv om prognosane ser betre ut for laurdagen, kan det endra seg fort. Skal ein ut å reisa det komande døgnet bør ein difor halda seg oppdatert på vegforholda via 175-telefonen og andre veg- og vêrvarslingar før ein køyrer, oppmodar Rasmussen.

Betydeleg snøskredfare

Vêret fører også til auke i snøskredfaren, og i ein del fjellområde er no snøskredfaren endra frå gult til oransje. Det er det same som faregrad 3, og betyr at det er betydeleg snøskredfare.

Når det bles flyttar vinden laus snø som kan legga seg over snø som har svakt feste frå før. Har du ikkje solid kunnskap, erfaring i ruteval og evne til å identifisera skredproblem, bør du unngå å gå i område der det kan gå skred. 

varsom.no finn du oppdatert informasjon.

Oransje varsel betyr at det er betydeleg snøskredfare. Kart: Varsom.no
Powered by Labrador CMS