nyhende
Søndag vil viksebuen høyra at det er 17. mai
Birger Bjelland slår til igjen, og lagar denne gongen skikkeleg 17. mai-salutt på Vikse.
Mannen bak det store nyttårsfyrverkeriet på Vikse kan ikkje sjølv hugsa at det har vore salutt på Vikse. Det vil seia dei siste 40 åra.
– Men eg hugsar det var stor stas og spennande å stå tidleg opp 17. mai for å høyra lyden frå salutten i Sveio. Det kan godt henda at det har vore smell på Vikse før, men ikkje på den måten som det blir 17. mai i år, seier Vikse.
Inspirert av responsen på nyttårsfyrverkeriet
Han er sertifisert pyroteknikkar, og tryggleik kjem alltid først. Salutten er meldt inn og godkjent av både brannvesen og politi. Titaniumsaluttskota blir avfyrt på eit deponi der han driv og nydyrkar jord.
– Det blir ni skot med fem sekund mellomrom klokka 07.00, fortel Bjelland.
– Korleis kom du på dette?
– Då eg rigga det store fyrverkeriet på nyttårsaftan, kunne folk bidra med det dei ville av pengar. Det var det mange som gjorde, og eg fekk mange kjekke tilbakemeldingar. Då tenkte eg at ein skikkeleg salutt på 17. mai må det også gå an å gjera til ein tradisjon.
– Viktige dagar skal merkerast
Bjelland likar tradisjonar, og å halda gamal kunnskap ved like:
– Å skyta salutt er det ikkje så mange som kan lenger. Dessutan meiner eg at viktige dagar i løpet av året skal markerast skikkeleg. Eg håper spesielt at ungane vil synast at dette er kjekt og spennande slik me gjorde då me var små, seier han.
Bjelland er allereie i gong med å planlegga årets nyttårsfyrverkeri.
– Eg har vore i møte med kommunen for å finna ein eigna plass som vil gjera fyrverkeriet synleg både i Sveio sentrum og Vikse- og Ekrene-området, avsluttar han.