nyhende
Dani (12) skal kjempa mot TikTok for å nå nye lesarar
Dani Lukas Grunnevåg skal jobba i Vestavind fram til juni. Han har allereie kasta seg ut i intervjurolla, og innrømmer at avisa må konkurrera med TikTok om merksemda.
Dani Lukas Grunnevåg frå Krossleite går i 8C på Sveio skule, og denne våren kjem han til å dukka opp i og rundt redaksjonen i Vestavind. Gjennom faget arbeidslivsfag skal han jobba nokre timar kvar måndag, og skal vera hos oss i Vestavind til 15. juni.
Valet av praksisplass handla både om det praktiske og å testa noko nytt.
– Eg ønskte meg hit fordi det låg i sentrum, og fordi det høyrdest ut som ein spanande stad å jobba, seier han.
Scrollar for å halda seg oppdatert
Dani Lukas har lese avisa før, men innrømmer at det er ein annan kanal som oftast vinn kampen om nyheitene i kvardagen.
– Eg får dei fleste nyheitene mine frå TikTok, seier han medan han diskuterer utanriks med Vestavind-journalisten.
No vil han sjå korleis saker faktisk blir til gjennom å bidra med eigne prosjekt i avisa. Målet er å bli tryggare i språket og få betre flyt i tekstane sine.
– Eg håper eg kan bli betre til å formulera meg når eg skriv, seier han, og han er allereie i gang med å intervjua klassekameratar som også er i arbeidspraksis.
– Korleis trur du det blir å intervjua nokon du ikkje kjenner frå før, då?
– Eg trur det kjem til å gå heilt fint. Eg er ikkje så nervøs av meg, seier den nye praktikanten.
Meklar eller uniform
Sjølv om han allereie har fått ein smakebit på livet som journalist, og kjem til å få meir, er det ikkje det han ser føre seg å bli når han ein dag sjølv skal ut i arbeidslivet for fullt.
– Eg trur kanskje eg vil bli eigedomsmeklar, eller jobba i panserbataljonen i Forsvaret, seier Dani Lukas.
Me i Vestavind gler oss veldig til å bli betre kjende med han, og håper at lesarane tek Dani Lukas godt imot, både i spaltane og i intervjusituasjonar.