nyhende
Bil i autovern på Tittelsnesvegen
Ein bil køyrde i eit autovern langs Tittelsnesvegen på Sveio-sida, ved fylkesgrensa mot Rogaland, natt til sundag 8. februar.
Politiet fekk melding om hendinga klokka 01.31. Fire unge personar var i bilen, og etter samanstøyten var bil ikkje køyrbar. Ein av passasjerane fekk ein helsesjekk etter å ha meldt om hovudverk.
Politiet har oppretta sak etter vegtrafikklova paragraf 3 mot føraren, som er ei ung kvinne, melder Britt Jorunn Løvereide, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.