nyhende
Fjør for forsking: 80 år med fastelavnsris
Sanitetskvinnene markerer 80 år med fastelavnsris på landsbasis. Tusenvis av frivillige har stilt opp og sanka bjørkeris og pynta dei med fjør til inntekt for kvinnehelseforsking og viktige tiltak i lokalsamfunna. Også på Vestlandet har tradisjonen djupe røter og store ringverknader.
– Nordfjordeid Sanitetsforening byrja å selje fastelavnsris i 1965. Det kom etter fleire år med diskusjonar om inntektskjelder i organisasjonen, fortel leiar Liv Stokkenes Jacobsen, som også er nestleiar i Sanitetskvinnene Vestland, Sogn og Fjordane til Nynorsk pressekontor.
Ideen kom frå sentralleddet, som starta sal av fastelavnsris i 1946 etter inspirasjon frå Sverige. I 1963 vart ein reisesekretær sendt rundt i landet for å få fleire lokalforeiningar med på tiltaket.
Sidan oppstarten har Nordfjordeid Sanitetsforening gitt over éin million kroner tilbake til lokalsamfunnet sitt. På landsbasis får Sanitetskvinnene inn mellom åtte og ti millionar kroner årleg frå fastelavnsrissalet.
Midlar til barn, unge og eldre
Inntektene frå salet går både til nasjonal kvinnehelseforsking og til lokale prosjekt. Lokalt har sanitetskvinnene på Nordfjordeid støtta mange tiltak for barn og unge, som kulturskulen, skulemusikk og ungdomsklubb. Dei har også gitt støtte til eldrefestar, helsestasjonar og skulerhageprosjekt.
– Det er klart at det betyr veldig mykje å gi noko tilbake der folk bur, seier Jacobsen.
Stor dugnadsinnsats
Bak kvart fastelavnsris ligg mange timar med dugnadsarbeid og mange frivillige er i aksjon.
– Me må ut i skogen allereie i november for å kappe bjørk, og då treng me løyve. Deretter blir riset grovklipt, lagra i sekker og teke fram igjen i januar for finpussing og pynting med fjør, forklarer Jacobsen og er godt fornøgd med årets innsats lokalt.
– I år har oppslutninga vore heilt fantastisk.
Fjør for forsking
Pengane som Sanitetskvinnene landet rundt har klart å få inn på sal av fastelavnsris har så langt finansiert over 70 forskingsprosjekt innan kvinnehelse.
– Mykje viktig helseforsking er betalt av fastelavnsris, men innsatsen vår trengst framleis, seier konstituert generalsekretær May Britt Buhaug i ei pressemelding.
Jacobsen i fylkeslaget på Vestlandet er heller ikkje pessimistisk når ho ser framover, sjølv om ho erkjenner at frivillig arbeid er under press enkelte stadar.
– Det er ofte nypensjonerte kvinner som engasjerer seg no, og mange ønskjer å bidra. Fastelavnsriset gjer oss synlege, og kvinnehelse engasjerer også yngre kvinner, seier ho.
Samtidig peikar ho på utfordringar i små bygder med fråflytting.
– Nokre foreiningar har berre 30 medlemmer, men dei står på med liv og lyst. I større bygder går det betre med rekrutteringa.
Ein tradisjon med lange røter
Sjølv om fastelavnsriset har vore brukt som pynt til fastelavnssøndagen med bollar, krem og syltetøy sidan 1946, er symbolet mykje eldre. Historisk har riset vore eit teikn på fruktbarheit og feiring av våren heilt tilbake til førkristen tid.
Salet av fastelavnsris i regi av Sanitetskvinnene held fram til laurdag 14. februar, men det går også an å støtte kvinnehelseforskinga ved å kjøpe digitale ris via nettsida til organisasjonen.