nyhende
To menn i 60-åra omkom
Like etter klokka 18.30 i går, søndag, fekk politiet melding om at det var høyrt rop om hjelp frå Aksdalsvatnet i Tysvær. Klokka 19.12 blei det gjort funn av to livlause personar.
Politiet blei etter kvart også kontakta av fleire som hadde observert personar på skøyter på det islagde vatnet. Nødetatane rykka ut og iverksette søk med politi, brannvesen, ambulansehelikopter og redningshelikopter.
Klokka 19.12 blei det gjort funn av to livlause personar. Dei blei frakta med helikopter til Haukeland Universitetssykehus.
– Det blei forsøkt hjarte- og lungeredning, men begge blei erklært døde på sjukehuset. Dødsårsaka er foreløpig ukjend, og dei avdøde vil bli obdusert, seier politiadvokat Kjetil Solhaug i ei pressemelding måndag morgon.
Dei avdøde er to menn i 60-åra. Dei er begge busette i Tysvær kommune. Dei næraste pårørande er varsla.
Politiet har oppretta undersøkingssak.
– Politiet vil gjennomføra vitneavhøyr med mål om å forsøks og kartlegga kva som har skjedd, seier Solhaug.