nyhende

Send oss referat frå årsmøte.

Har de hatt årsmøte? Send oss referat!

I tida framover er det mange lag, organisasjonar og parti som skal ha årsmøte. Send oss gjerne referat som lesarbidrag.

Publisert

At det er mange som engasjerer seg i Sveio viser alle årsmøtene som både har vore og er på trappene. Vestavind har ikkje mogeleigheit til å dekka alle, og me vil ikkje plukka ut nokon.

Men det betyr ikkje at me ikkje vil ha referat frå årsmøte i avisa. Send oss nokre ord om det viktigaste som skjedde på årsmøtet. Kven blei vald inn i styret og utval? Fekk nokon ei utmerking? Er det nokon som tar attval for 8. gong? Kva har vore dei viktigaste sakene i 2025? Kva blir det viktigaste å jobba med i 2026?

Ta gjerne bilde

Ein må ikkje ha med alt som skjedde på årsmøtet, og det er det heller ikkje plass til. Det aller viktigaste er styre og utval, og det er fint med eit bilde eller to frå årsmøtet, gjerne med det nye styret eller av leiar for styret. Hugs bildetekst! Og er det fleire på eit bilde, skriv namna frå venstre.

Me legg årsmøtereferata ut fortløpande på nettavisa, og samlar opp i papiravisene torsdagar. For å koma med i papiravisa, må me ha referatet i løpet av måndagen.

Begge målføre

Tekst og bilde sender du til red@vestavind-sveio.no. Og målføre vel du sjølv.

Lurer du på kor langt du kan skriva? Om lag 450 ord. Har du ikkje automatisk teljing av ord, skal du sleppa å gjera det manuelt. Har du skrive ei A4-side, er det sånn cirka 450 ord.

Powered by Labrador CMS