nyhende
Slik vil utval auke fødselstala:
Foreslår forsøk med å la småbarnsforeldre jobbe mindre
Fødselstalsutvalet har sett på kvifor nordmenn ikkje får fleire barn. Dei foreslår forsøk med kortare arbeidsdagar for småbarnsforeldre for å auke fødselstalet.
Samla fruktbarheitstal har sokke frå 1,98 barn per kvinne i 2009 til 1,4 i 2023 – det lågaste fruktbarheitstalet som nokon gong er registrert i Noreg. I åra sidan har talet auka noko, men er framleis langt under nivåa dei har vore på tidlegare.
Samstundes som fødselstala er låge, viser spørjeundersøkingar at norske kvinner og menn ynskjer seg fleire barn enn dei faktisk får.
Det regjeringsoppnemnde fødselstalsutvalet har sett på årsaker til dei fallande fødselstala og har no komme med sin rapport. Dei peikar på to hovudårsaker til fallet: at unge etablerer seg seinare i vaksenlivet og utset familiedanninga, og at færre får fleire enn to barn.
– Vi foreslår tre hovudgrep. For det fyrste må vi leggje til rette for at unge kan etablere seg raskare i vaksenlivet. For det andre må vi betre helsetenestene til nye foreldre. For det tredje må vi betre balansen mellom arbeid og familieliv i småbarnsfasen, seier utvalsleiar Rannveig Kaldager Hart i ei pressemelding frå Barne- og familiedepartementet.
Foreslår rullerande barnehageopptak
Utvalet foreslår difor å innføre rullerande barnehageopptak kombinert med ei meir fleksibel foreldrepengeordning. Dette inneber at alle barn skal få tilbod om barnehageplass frå fylte eitt år, samstundes som det blir opna for at foreldre kan ta ut 70 veker permisjon med 70 prosent kompensasjon.
Elleve av tolv medlemmer av utvalet stiller seg òg bak eit forslag om å prøve redusert arbeidstid for småbarnsforeldre.
Dei foreslår også ein gjennomgang av permisjonsregelverket og auka informasjon om foreldre sine rettar i arbeidslivet, å styrkje aktivitetstilbodet i SFO og greie ut moglegheita for å subsidiere praktisk hjelp i heimen.
Vågslid: – Vil hamsterhjulet til livs
– Fleksibilitet og tid til familieliv er vel så viktig som økonomiske tilskot og insentiv. Dette peikar også utvalet på. Samstundes er det viktig at vi har universelle ordningar som reduserer økonomisk ulikskap og minimerer sosiale forskjellar, seier barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap).
– Vi vil hamsterhjulet til livs. Ingen er tente med at foreldre slit seg ut, seier Vågslid.
Arbeidarpartiregjeringa ynskjer mellom anna å innføre ein meir heilskapleg skuledag for dei minste, som kan gjere det enklare for foreldra å få kvardagen til å gå opp.
– Vi ynskjer ein familiepolitikk som gjer det mogleg å vere både gode foreldre og engasjerte arbeidstakarar, seier familieministeren.
Raskare overgang til vaksenlivet
Utvalet foreslår også tiltak som auka økonomisk stønad til foreldre under 30 år, redusere utanforskap ved å støtte gjennomføring i vidaregåande skule, og inkludering i arbeidsmarknaden og tiltak for å få ein betre bustadmarknad for barnefamiliar.
Samstundes meiner dei det bør leggjast til rette for ein raskare overgang til vaksenlivet for å gjere det enklare å få barn tidlegare.
– Moglege tiltak kan vere ein meir smidig overgang mellom førstegongstenesta og utdanning og ei styrkt yrkesfagleg opplæring. Viss grunnskuleløpet blir korta ned, kan det bidra i same retning.
Utgreiinga blir no send på høyring og skal følgjast opp med ei stortingsmelding, opplyser departementet.