næringsliv

Døgnhvile AS – representert ved prosjektleiar Morten Våge Alfheim (t.v.) og styreleiar Sindre Wergeland (t.h), eigar og drivar den nye plassen. Dei markerte opninga saman med fungerande divisjonsdirektør Cato Løkken fra Statens vegvesen, sjåfør Carina Sandved og statssekretær Tom Kalsås. Foto:Lars Olve Hesjedal / Statens vegvesen
Døgnhvile AS – representert ved prosjektleiar Morten Våge Alfheim (t.v.) og styreleiar Sindre Wergeland (t.h), eigar og drivar den nye plassen. Dei markerte opninga saman med fungerande divisjonsdirektør Cato Løkken fra Statens vegvesen, sjåfør Carina Sandved og statssekretær Tom Kalsås.

Opna Aksdal døgnkvileplass for tungtransport

Frå onsdag er dei elektriske ladestasjonane for tunge køyretøy i drift i Aksdal næringspark. Frå før er det fyllestasjonar for bensin/diesel. Døgnkvileplassen har også toalett- og dusjfasilitetar som sjåførane kan nytte.

Publisert Sist oppdatert

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Tysvær Bygdeblad.

Alt dette vil betyr betre arbeidsvilkår for sjåførane, sikrare køyring og trafikk og mindre utslepp frå bilane.

Først og blant dei største

– Dette er den første døgnkvileplassen på Haugalandet og ein av dei største i landet, sa statssekretær i samferdselsdepartementet Tom Kalsås (A) i talen sin då han klipte snora.

– Inntil 80 slike døgnkvilestasjonar over heile landet er ein del av satsinga vår. Det vil også gjere arbeidsmiljøet betre for yrkessjåførar, og på den måten bidra til betre rekruttering til yrke.

Representantar frå Statens vegvesen var til stades, blant anna kommunikasjonsrådgjevar Lars Olve Hesjedal.

– Den beste plassen

– Me har sett på mange alternativ på Haugalandet, men dette er den avgjort beste plassen. Døgnkvileplassen ligg midt i det sentrale krysset mellom E134 og E39, med gode inn- og utkøyringar. Dette kjem til å bli fint for dei mange som arbeider i denne bransjen. Her er det gode fasilitetar, og dei vil sleppe å leite etter ein tilfeldig parkeringsplass der dei kan overnatte, seier Hesjedal.

Divisjonsdirektør i Statens vegvesen, Cato Løkken, var også svært nøgd med arbeidet som er gjort av Døgnhvile AS.

Den store døgnkvileplassen ved E39 i Aksdal er ein av dei største og flottaste i landet.
Powered by Labrador CMS