nyhende

Bømlafjordtunellen Stord-sida
Innkjøringa til Bømlafjordtunnelen, som dei siste åra har vore stengd ei rekkje gonger på grunn av stansa køyretøy og andre hendingar.

Bømlafjordtunnelen: Stengt 52 gonger i fjor

Bømlafjordtunnelen på E39 blei stengt 52 gonger i 2025, viser statistikk frå Statens vegvesen.

Publisert

Den vanlegaste årsaka til stenging var køyretøy som hadde stoppa. Dette skjedde 29 gonger i 2025, medan berging av køyretøy var årsak til stenging av tunnelen 12 gonger. 

Andre årsaker var brann i køyretøy (3), oppryddingsarbeid knytt til trafikk (2), gjenstandar i vegbanen (1), glatt vegbane som ikkje hadde noko med veret å gjera (1), skade eller feil på installasjonar (1), syklande i vegbanen (1), trafikkulykke (1) og vegarbeid (1).

242 stengingar på fire år

Statistikken for 2025 liknar mykje på tilsvarande tal frå dei føregåande åra. I 2022 var tunnelen stengt 51 gonger og 54 gonger i 2023. 2024 skil seg ut med heile 85 stengingar. Det året var gjenstandar i vegbanen årsak til stenging i 16 tilfelle. Dei andre mest vanlege årsakene til stenging i 2024 var stansa køyretøy (32) og bilberging (14).

I løpet av dei fire åra som statistikken omfattar, var Bømlafjordtunnelen stengt 242 gonger. I 112 tilfelle skuldast dette stansa køyretøy i 50 tilfelle berging av kjøretøy og i 22 tilfelle gjenstandar i vegbanen.

Powered by Labrador CMS