nyhende

Mormor Eva Lokna (73), Brage Johan Vinther Lokna-Håvold (11), Emre Evander Varg Lokna-Håvold (8), Storm Draco Cornelius Lokna-Håvold (13), Solveig Lokna (41) og morfar Egil Lokna (76) naut lunsjen utadørs søndag.

Feiring i friluft

Barnas Turlag Sveio inntok søndag 1. februar gapahuken ved Loknakvedno i Bua. Anledninga var feiring av 20 år med «Kom deg ut»-arrangement. Bursdagskroner, grillpølser, turløype og naturopplevingar stod i fokus.

Publisert

– Sjå der! Det er ei mus! Ropar ein av ungane som leikar i og rundt gapahuken og peikar inn i det høge graset like ved. Fleire små hovud dukkar opp bak halv-veggen inn til gapahuken og speidar inn i dei brune stråa. Musa gjer eit forsvinningsnummer, men leitinga held fram ei stund til.

Inne i gapahuken er det folksamt og fyr i grua. Gaute Haug (34) og Hilde Tungesvik (34) har raude vestar med Barnas turlag logo og deler ut grillpølser og upynta bursdagskroner til dei som vil ha. I eine hjørnet av gapahuken ligg fargar og tusjar som ivrige små hender brukar til å dekorera krona med.

Frivillig i Barnas Turlag 

– Sjå der! Det er ei mus! Ropar ein av ungane som leikar i og rundt gapahuken og peikar inn i det høge graset like ved. Fleire små hovud dukkar opp bak halv-veggen inn til gapahuken og speidar inn i dei brune stråa. Musa gjer eit forsvinningsnummer, men leitinga held fram ei stund til.

Inne i gapahuken er det folksamt og fyr i grua. Gaute Haug (34) og Hilde Tungesvik (34) har raude vestar med Barnas turlag logo og deler ut grillpølser og upynta bursdagskroner til dei som vil ha. I eine hjørnet av gapahuken ligg fargar og tusjar som ivrige små hender brukar til å dekorera krona med.

Ingrid Ege Nesheim (3) tok eit kort opphald frå å pynta krona si slik at Vestavind fekk ta eit bilde.
Johanna Eilerås Stuvik (7) var med mormor Reidun og morfar John Gustav Eilerås og syntest det var kjekt å vera ved Loknakvedno.

Frivillig i Barnas Turlag 

– Eg blei med for om lag tre år sidan, samtidig med Hilde, minnest Gaute Haug. Eg synst det er kjekt å gå ut på tur, og endå kjekkare om det er ein heil gjeng. Me inviterer til fem turar i året. På hausten brukar me ha ein tur til Ryvarden og rundt juletider til Golfstova. Ein gong hadde me overnattingstur kor me sov i telt på Tittelsnes, då laga me mellom anna pil og boge.

– Til i dag har me handla inn 60 pølser og fått utstyr til bursdagskronelaging levert av Belinda Lid Gundersen i Haugesund Turistforeining, seier Hilde Tungesvik. Det er ikkje mykje arbeid å vera frivillig og ein får gjera noko kjekt med familien sin samtidig. 

Frivillige i Barnas Turlag Sveio, Gaute Haug (34) og Hilde Tungesvik (34) sørga for aktivitetar og grillpølser til alle frammøtte. Nathalie Tungesvik Høyland (9) med sjølvpynta krone.

I det frosne området rundt gapahuken har dei frivillige lagt ut 10 postar med spørsmål på. Det vanka premie til dei som gjennomførte. 

Kaldt og fint 

– Det er jo me vaksne som synest det er kaldt, ungane merkar det ikkje på same måte, seier Solveig Lokna (41). Ho sit ved eitt av dei mange piknikborda utanfor gapahuken saman med sønene Emre (8), Brage (11) og Storm (13) og mormor og morfaren deira Eva (73) og Egil Lokna (76). Egil stod i spissen for arbeidet med å byggja gapahuken som blei opna av ordføraren i 2024.

– Turlaget ringde meg og spurte om å få låna gapahuken til «Kom deg ut»-dagen. Eg sa sjølvsagt ja. Det er berre kjekt at han blir brukt, smiler Lokna. Barnebarnet Emre vil ofte ut og grilla og synest pølsene er det beste med dagen.

Det var stor aktivitet rundt gapahuken ved Loknakvedno då Barnas Turlag Sveio inviterte til bålkos og aktivitetar søndag 1. februar.
Gapahuken ved Loknakvedno ligg rett ved vegen og er lett å komma seg til.

Johanna Eilerås Stuvik (7) er med mormor Reidun Eilerås og morfar John Gustav Eilerås.

– Eg klarte alle spørsmåla i turløypa, seier Johanna som har ei bursdagskrone med namnet sitt på hovudet. Det er kjekt å vera her, eg har fått både pølse og kake.

Bli med! 

Leiar i Barnas Turlag Sveio, Ruth Vihovde Strand, har ei klar oppfordring til turglade sveibuar:

– Me treng alltid fleire frivillige. Det fine med å vera aktiv i Barnas Turlag er at det er tid du får saman med ungane og familien og andre turinteresserte. Turane våre passar for dei fleste, seier Ruth. 

Vil du vera med finn du Barnas Turlag Sveio på facebook eller du kan ta kontakt med Ruth direkte på telefon.

Powered by Labrador CMS