nyhende
Den gale geologen gjorde geologi til show
Med steinar, humor og historiar frå Sunnhordland fekk 5.–7. trinn ved Sveio skule ei annleis naturfagøkt tysdag.
Den gale geologen brukte teater og rekvisittar for å gjera geologi meir forståeleg, og elevane følgde godt med. Undervegs kom det mange spørsmål frå salen, og fleire rekte opp handa då han utfordra dei å tenka sjølve.
Tidleg i foredraget viste han til «livets sirkel» frå «Løvenes konge», og samanlikna liva til dyr og menneske med «livet» til ein stein. Poenget var at steinsirkulasjonen går langt saktare og strekker seg over mykje lengre periodar enn eit menneskeliv.
– Stein er alltid på ei reise, men den reisa tek så utruleg lang tid.
Han drog fram døme frå regionen og fortalde mellom anna om gull frå gullgruvene på Bømlo, kopar frå Sunnhordland og grønstein som han sa har vore brukt til å lage økser i Sunnhordland i rundt 6.000 år.
Gull frå verdsrommet
Då Den Gale Geologen kom inn på gull, vart det ekstra liv i salen. Han forklarte at gull finst rundt om på jorda, men at det ikkje blir danna på jordkloden, før han sende spørsmålet rett tilbake til elevane.
– Kvar trur de gullet kjem frå?
– Verdsrommet, lydde det frå ein elev i salen.
Replikken kom kontant tilbake.
– Yes, 10 points to Gryffindor, sa geologen, med ei klar referanse til Harry Potter.
Deretter forklarte han at gull kom til jorda med meteorittar. Mot slutten drog han fram ein «meteoritt» og bad elevane anslå verdien. Forslaga varierte frå 1.000 kroner til 20.000 kroner, før han avslørte fasiten.
– 54 millionar kroner, sa geologen, noko som fekk fleire i salen til å måpa.
Eksemplaret han viste fram var riktignok ein kopi.
Den gale geologen er eit forsøk av Geopark Sunnhordland på å gjera geologi levande og fengande for skuleelevar. Skular i Bømlo, Stord og Kvinnherad er vitja før, med gode tilbakemeldingar frå skulane.