Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
sport
Tøffe Sveio-oppgjer på Vigdartun og medaljar i Oslo
Medan Sveio U15 fekk verdifull kamperfaring på heimebane under regionmeisterskapet, var tre sveibuar i Oslo for å kjempa om medaljar i skulemeisterskapet med HTG.
Sveio U15 fekk ein perfekt start på heimebane på Vigdartun då dei slo Trio idrettslag 2-0. Sigeren sat langt inne, og i det siste settet drog sveibuane det i land med knepne 30-28.
– Det var ein jamn første kamp. Me håpte å ta med oss den gode kjensla etter at me klarte å avgjera, men det fekk me dessverre ikkje til, seier trenar Ole Johan Sveen.
Gode tilbakemeldingar
Etter sigeren følgde kampar mot Strandvik idrettslag og Idrettslaget Gneist, før Sveio møtte Trio på nytt i plasseringskampen. I dei tre siste oppgjera måtte vertane sjå seg slått.
Sjølv om resultata ikkje gjekk Sveio sin veg etter den sterke starten, er Sveen tydeleg på at helga likevel gav mykje positivt.
– Me byrjar å få litt røynsle med å arrangera no, og me har foreldre som verkeleg står på. Me fekk gode tilbakemeldingar frå dei andre laga, og det tek me med oss vidare, seier Sveen.
Sveibuar på medaljejakt
Same helg som gutane spelte regionmeisterskapet på Vigdartun, var sveibuane Sarah Mathea Vestvik og Synne Kristiansen i aksjon på nasjonalt nivå. Duoen spelar både for U19-laget til Sveio og for Haugesund Toppidrettsgymnas (HTG), og i helga reiste dei til Oslo med HTG-laget for å kjempa om å bli landets beste skulelag.
HTG-jentene gjekk ubesigra gjennom gruppespelet og følgde opp i kvartfinalen mot Elvebakken vgs. I semifinalen mot Førde vgs sa det stopp. Etter at HTG utlikna til 1-1 i sett, var det Førde som var sterkast i det avgjerande settet og vann 2-1.
Dermed vart det bronsekamp mot Tertnes vgs. HTG opna sterkt og tok første sett klart, før Tertnes slo tilbake og vann det andre knepent. I tredje sett vann HTG 15-11 og sikra bronsen. Dermed vart Vestvik, Kristiansen og resten av laget kåra til landets tredje beste skulelag.