nyhende
Har halde liv i bygda i 60 år
Nils Haktor Bua, styreleiar i Bua Ungdomslag (BUL), stilte som dei fleste andre opp i festantrekk laurdag kveld då laget feira 60-årsjubileum. Som ein av dei sa: – Dette er bra. Eg gler meg allereie til neste gong.
Før Nils Haktor Bua ønskte dei 69 meir eller mindre tilårskomne gjestene velkomen og gav praktisk informasjon, las Nils Haktor Bua ei fin helsing til alle. Samstundes rulla det ein såkalla PowerPoint-presentasjon på eine veggen. Gjennom ein serie gamle og morosame lysbilede fekk me sjå historien frå 1966 og 60 år fram i tid.
Bua Ungdomslag vart skipa 16. januar i 1966. Første styreleiar var Peder Kåre Bøe frå Emberland. I følgje Hordaland ungdomslag si årsmelding 1920/1921 hadde både Bua og Vandaskog starta eit ungdomslag.
Endra styre og vedtekter
I følgje vedtektene i 1966 måtte ein ha fylt 14 år og vera frå Bua-krinsen om ein ville bli medlem. Det hadde seg slik at nokre av gutane frå Buavåg var glade i jenter frå Vandaskog, men desse fekk ikkje medlemskap.
I følgje Mikal Møller Hovda vart det under ein basar på Bua 2. påskedag 1967 kalla inn til eit ekstraordinært møte på gamleskulen då basaren var over. Bjarne Enerstvedt tok over leiinga, og då vart det vedteke at også ungdomar frå Vandaskog kunne bli medlemer i BUL. Etterkvart fekk også dei frå andre bygder i Sveio melda seg inn.
Stor aktivitet dei første 10-15 åra
BUL har invitert til alt frå juletrefestar til bygdekveldar, festivalar, leikarring, dans og mykje meir. For å kunna arrangera dansetilstelning måtte ein få godkjenning frå lensmannen. Det har vore skiturar til fjells, turar til Hardanger, båttur til ellok anna Uskedalen og Rosendal. Bømlafjordfestivalen har samla kjende artistar, eit stort publikum og tidenes bryggedans.
– Dei donerte vekk overskotet og greidde det som me som kommune berre kan drøyma om – å få ferga til å gå ekstraturar. Laget var også medverkande då «Jonny Walkers» starta opp. Dette var eit lokalt orkester med Jan Enerstvedt som primus motor, sa ordførar André Mundal Haukås.
Ingen kunne gå svoltne frå jubileumsfesten der det bugna av god mat og dessert, samt kaker og kaffi. Dei som ville ha noko godt i glaset kunne få kjøpa dette.
Baby-boom på Bua på 70-talet
Sveio sin ordførar, André Mundal Haukås, innleia talen sin med å gratulera jubilanten.
– Som ordførar får eg vera med på mykje kjekt, men det er noko eige med å få vera med å feira eit lag som i 60 år har halde liv i bygda – heilt utan pause. At det var ungdomlaget her på Bua som var først ute med å starta barnehage i kommunen, skjøna eg etter å ha sett gjennom eit utal aviser, og kva aktivitetar ungdomslaget har annonsert.
– For eg byrja å lura litt då eg las i avisa at Linn Hege fortalde at hennar kull – fødd i 1979 – vart rekordstort med 12 born. Kva skjedde eigentleg på Bua på 70-talet? Var det berre den friske sjølufta som sytte for denne babyboomen me igjen lengtar etter? Alf Edvin Hovda skal ha fortald til avisa Karmsund om BUL sine dansetilstelningar, – med platespelar og seinare band. Kan henda var musikken underordna. For dette var jo ein måte å dra damer på. Og me veit jo alle korleis slikt ofte endar, sa ordføren til stor latter frå festlyden.
Ordføraren hadde også lese at BUL arrangerte «felles kosekveld mellom Avaldsnes, Rossebø, Kvinnesland og Bua – alle velkomne».
Framoverlent og levande
– Det er jo ikkje rart det vart behov for barneparkering etter dette, humra han før han sa at «kulturen her på Gullkysten er ikkje å klaga, men å finna løysingar, praktiske og konkrete, som dei sjølv gjennomfører. Dette er ei kraft det står stor respekt av, og som me som kommune ser at gjer Bua-bygda framoverlent og levande.
Han avslutta med å seia «så kan me snakkast over helga, for eg har gjentatte gonger oppfordra sveibuen til å få fleire born, utan den heilt store effekten. No trur eg at ungdomslaget på ny må ta ansvar for å invitera regionen til ein skikkeleg kosekveld på Bua.
Gode talar og samtalar
Me fekk høyre mobilsamtale mellom Nils Haktor Bua og Haugesund sin ordførar Nils Konrad Bua. Svein Olaf Bua fekk applaus då han sa at «ALT er gjort på dugnad». Arild Hovda fortalde at dei var «ein gjeng som ville få til noko på gamleskulen – det var vår plass». Magne Bua fekk (nesten) alle til å synga «Julesangen», og då John Anders Semb spela opp til dans vart det endå meir liv på Kaien i Førde.
Det høyrer med til historia at mange fann vegen heim i 01-tida om natta, og at nokon etter eit nachspiel kom seg heim i 04- tida neste morgon.