næringsliv
Kåra til best i Europa: – Heilt utruleg kjekt
Åkrafjorden Glamping har fått ein av dei største utmerkingane ein kan få innan luksusreiseliv. Under 2025 World Luxury Travel Awards blei den vesle glampingen i Åkrafjorden kåra til Europas beste glampingdestinasjon. – Heilt utruleg kjekt, seier dagleg leiar Kristian Fjæra.
ETNE: Sist søndag blei det kjent at Åkrafjorden Glamping har fått tildelt den flotte tittelen, men Kristian Fjæra sjølv, blei varsla allereie i oktober om at prisen kom.
– Eg veit eigentleg ikkje heilt kva alt dette inneber, men det er veldig kjekt. Det gir oss mykje større merksemd, og det betyr at det kjem fleire som vil besøka oss, seier han.
Fullbooka kvar sommar
Åkrafjorden Glamping opna sommaren 2021 med to domar. Heilt sidan den gong har somrane vore fullbooka.
– Helgene i lågsesongen er òg fulle mange veker, men eg stenger nå i slutten av november, og startar opp igjen i mars, seier han.
Det er Kristian i all hovudsak som driv domane åleine. Han og kona bur framleis i Bergen, men han har tatt over garden i Fjæra – garden far hans vaks opp på – og som stod ubrukt i mange år.
– Barna våre er vaksne og står på eigne bein, og det gir oss moglegheit til å få dette til. Men eg må vera her for at dette skal gå rundt. Det er veldig lite rom for å reisa heim, seier han.
Rekneskapen viser vekst
Selskapet Åkrafjorden Glamping AS har hatt ei god utvikling i inntektene, og har til no hatt eitt årsverk. Fjæra håpar at utmerkinga nå kan gi eit nytt løft – også økonomisk.
– Målet er å auka trykket, utvida litt og kanskje få montert fleire domar. Me har allereie sauna på same platå, seier han.
Det kjem gjester frå heile verda til den vesle fjordperla.
– USA er veldig viktig og mange av gjestene kjem derfrå. Men det kjem òg mange nordmenn, engelskmenn, tyskarar, franskmenn og folk frå Austen. Japan og Australia òg. Ei god blanding, men USA er størst og viktigast, seier han.
Best i Europa
Utmerkinga i 2025 World Luxury Travel Awards er basert på nominering og avstemming blant ein stor internasjonal jury. Fjæra veit ikkje kva som ligg bak sjølve vurderinga – men han har ein teori om kva som slår gjennom.
– Det er kombinasjonen av heilt unik naturoppleving og luksus. Plasseringa er spesiell, heilt åleine, i vill vestlandsnatur, med formidabel utsikt. God komfort, straum, gode senger, kaffi og lokal mat. Summen av alt dette er veldig bra, seier han.
Og nå er det altså offisielt: Det vesle, bratte platået i Åkrafjorden slår alle dei store glampingdestinasjonane i heile Europa.
– Det betyr heider og ære, og det gir oss veldig mykje, seier Fjæra fornøgd.